– I dag trur eg det kan bli ny fangstrekord. Det er akkurat vêret til knotten no. Litt regn i lufta og lite vind, seier Gunnar Bygnes som er den lokale oppsynsmannen til dei 15 knottfellene. I dag har han også med seg Frank Leighton som er produktutviklingssjef for Texol som lagar ”midge-eaters”.

Høgsesong

– Det er høgsesong for knotten. Vi kan sjå det på svingingane i fangsten. Knotten brukar å ha to sesongar og forhåpentligvis er vi inne i den andre sesongen no. Men det kan også koma ein tredje sesong litt seinare i sommar. Det veit vi ikkje - det er like usikkert som vêret, seier den skotske eksperten.

Vi kjenner kva han snakkar om i det vi traskar mot den første fella.

– Du bør kanskje halda litt avstand sidan det er mest knott rett rundt fellene, seier Gunnar som bruker sigaretten til å halda dei fleste unna. Frank er meir kledd for høvet og har dekka seg til med eit myggnett.

Skotsk ekspertise

I Skottland har knotten vore eit kjend problem for både fastbuande og turistar i årevis, og for nokre år sidan vart det starta opp eit firma som har spesialisert seg på å laga feller. I Skottland sit også den fremste eksperten på knott; Alison Blackwell.

– Vi sender alle resultatat bort til Alison og ho bearbeidar dei med å laga kurver og liknande. Ho har også laga eit kart over området der fellene står, og er også med på å bestemma om vi skal flytta nokre av fellene her, seier Gunnar.

Frysaren ”full”

Gassen som siv ut frå knottfellene har den same lukta som menneske og dyr har. Knotten vert sjølvsagt tiltrekt av lukta og legg i veg. Når dei kjem nær nok fellene, vert dei soge inn i fella der dei hamnar i ein oppsamlingspose.

- Dei er faktisk i live ei god stund, så det gjeld å snøra posen raskt igjen. Dei kan overleva i 24 timar oppi her, seier Frank og tek opp ein pose med god fangst. Turen går så vidare til frysaren hjå Gunnar, der dei lir den sikre død.

– Her er det vel grobotn for å selja myggnetting, og det kunne kanskje blitt nokre kroner av det på opningsdagen?

– Det har eg og Frank alt snakka om. Så kan du få ansvaret for å selja paraplyar, seier Gunnar og skrattar.

Litt oppi terrenget, over dei flotte steinmonumenta til kunstnaren Bård Breivik, er det plassert ut feller i mindre målestokk.

- Dei er sjølsvagt lettare å bæra, men det har seg også slik at knotten trekkjer ned til bakkenivå når det kjem litt vind. Så då er desse betre enn dei store, forklarar den skotske eksperten.

Frå desse fellene er det også oppdaga tjuveri av knott. For mauren er nemleg observert - berande ut på fleire av dei plagsame og mindre skapningane.

– Men kor mykje knott er det her på Flolid?

– Det er så mykje at det er irriterande for folk. Men eg har sett mykje meir heime i Skottland, seier eksperten og finn fram digitalkameraet sitt. – Her kan du sjå ei felle som på ei veke fylte opp heile posen. Som du ser så ligg det nesten like mykje knott rundt fella som oppi posen. Dette er tilfelle ein ikkje kan gjera noko med, seier Frank.

Ikkje mest, men best

Gunnar som etterkvart har blitt tilnærma ekspert, forklarar at poenget ikkje er å fanga mest mogleg knott.

– Her på Gulatingsstaden er poenget å gjera det leveleg for dei 2000 personane som kjem på opninga og som skal sitja nede i amfiert. Då må vi plassera fellene rundt området. Vi kunne sikkert fått mykje meir knott ved å plassera fellene ein annan stad, men då hadde vi ikkje redusert bestanden nede på området. Det har litt med vitenskap å gjera – jordsmon, lanskap, vind og ver, forklarar mannen som no har starta med import og sal av feller.

–Er det mogleg å bli heilt kvitt knotten her på Gulatingsstaden?

– Ein blir ikkje heilt kvitt knotten, og den kjem alltid til å vera her. Med mykje vegetasjon og gras har knotten mange stader å gøyma seg for vinden. Men målet er sjølvsagt å gjera det leveleg for folk å opphalda seg her, seier Frank Leighton.