Redda katt med skøyteleidning

REDNINGSMANN: Ved hjelp av skøyteleidning redda Pål Holgersen ein katt som hadde gått gjennom isen.

REDNINGSMANN: Ved hjelp av skøyteleidning redda Pål Holgersen ein katt som hadde gått gjennom isen. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Lasso-ferdigheitene i orden.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Pål Holgersen frå teknisk etat i Fedje kommune brukte skøyteleidning for å redda ein katt frå å drukna.

- Reine lassoen, måtte kasta to-tre gonger før eg fekk løkka rundt katten, fortel Holgersen.

Det var fredag morgon i halv ni-tida at han oppdaga katten som hadde gått gjennom isen på Vassivarvatne.

- Var på veg for å ta straumavlesing på eit hus, då eg såg at det var noko der. Stoppa for å kikka nærare etter, då såg eg at katten hadde gått gjennom isen og ikkje kom seg opp, fortel Holgersen.

Klorte seg fast

Den uheldige kattepusen låg då og klorte seg fast i isen med frambeina, berre nokre få meter frå land.

- Utpå isen kunne eg jo ikkje gå, så eg fata det einaste eg hadde i bilen som var skøyteleidningen. Laga ei løkke, og kasta blink etter eit par-tre forsøk, fortel han.

- Var litt redd for å kvela dyret med leidningen, men det gjekk bra, seier Holgersen som fortel at katten var ganske nedkjølt og sein i rørslene då redninga kom.

- Tok dyret inn i bilen og fekk varmeapparatet på fullt. Først var katten heilt roleg, men etter kvart som han kom til hektene fresa han litt mot meg. Ikkje akkurat den store takken, smiler redningsmannen som ringde på eit par hus i nærleiken på leit etter eigaren.

Truleg omstreifar

Hjå den tyske tømraren Heinz Thomas Diehl fekk den kalde og svoltne katten ein matbite, men her får nh opplyst at det truleg er ein omstreifande fant det er tale om.

- Vi har kattar sjølv, og hadde ikkje hjarte til ikkje å mata han når han kom forbi. Men kor han eigentleg høyrer til anar eg ikkje, seier kona til Diehl.

Artikkeltags