Her er det full action!

PR-KÅTE: Desse to fortsette hyrdestunda foran kamera.

PR-KÅTE: Desse to fortsette hyrdestunda foran kamera. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Med denne aktiviteten vert jolla snart full, seier Ragnar Floen.

DEL

Våre faste lesarar veit at Ragnar Floen i Bøvågen på Radøy er ein vaken mann i naturen. Ofte har han kameraet med seg og forevigar spesielle fenomen i naturen. 

I dag har han sendt inn bilder av det som må vere eit bra vårteikn. Kanskje ikkje så spesielt, men like fullt artig. Paddene i Nordhordland, i alle fall i Bøvågen på Radøy, er våryre så det held! 

– Sender bilde av ein hann og ei ho-padde som har ei langvarig hyrdestund og har starta med egglegging i ei nedgravd jolle i hagen vår, skriv Floen i ein epost til Avisa Nordhordland.

– Var nett opp og såg til dei, der var stor aktivitet hjå dei og egga var komne. Tempen i dag er nærmast ideell å legge egg i,  ca.8 grader er bra, skriv Floen. 

Vi sjekka vêrmeldinga framover, sjølvsagt på Yr.no: Langtidsvarselet for Bøvågen viser at det skal vere ideell temperatur for paddene, mellom 6-8 grader den neste veka.

– Med den aktiviten dei har vert jolla snart full, og det vert ikkje lenge før me kan sjå rumpetrolla kosar seg, skriv Floen.

Her kan du lese eit tilfeldig utval av andre Ragnar Floen-historier vi har skrive om dei siste åra: 

LES OGSÅ: Ragnar fekk uvanleg mus i fella

LES OGSÅ: Nærkontakt med delfinar

LES OGSÅ: Daud kval på Kvalheim

LES OGSÅ: Hoggormen er her

LES OGSÅ: Drakk seg paddeflate på fatøl

LES OGSÅ: Kva er dette for ein kar?

LES OGSÅ: Svanesjøen

LES OGSÅ: Gjedda slukte andungane

LES OGSÅ: Litt for stor i kjeften

Har du bilder og historier du vil dele med lesarane våre? Då kan du ta kontakt med oss på fleire måtar:

Epost til: redaksjonen@nordhordland.no

Vakttelefon: 916 20 916 alternativt SMS med kodeord NHTIPS til 2005. 

Facebook

Du kan også laste bilder direkte opp på nordhordland.no

Artikkeltags