Naken-sensasjon i Gulen

ALDRI SETT FØR: Denne nakensneglen, kjent på latin som Doto Dunnei, er aldri sett i Noreg før i mars i år. Då oppdaga forskarar og dykkarar den under eit nakensnegsafari. FOTO: BERNARD PICTON

ALDRI SETT FØR: Denne nakensneglen, kjent på latin som Doto Dunnei, er aldri sett i Noreg før i mars i år. Då oppdaga forskarar og dykkarar den under eit nakensnegsafari. FOTO: BERNARD PICTON

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Det er oppdaga to nakensneglartar i Gulen, som aldri er sett i Noreg før.

DEL

Dei siste sju åra, har dykkarar og forskarar funne over 70 ulike artar på havbotnen utanfor Dalsøyra.

– Ikkje i tvil

Det skal vera rundt 95 typar nakensneglar langs norskekysten, men etter det siste dykkarsafariet vart det oppdaga to nye artar, som aldri er sett i Noreg før. Deira latinske namn er Doto maculata og Doto dunnei, og er tidlegare kjente frå mellom anna britiske farvatn.

Ein nakensnegle er ein type marine sniglar som ikkje har sniglehus.

Den nord-irske nakensnegleeksperten Bernard Picton, kurator ved National Museums of Northern Ireland i Belfast som var til stades på nakensneglesafarien, var ikkje i tvil da de bitte små dyra kom til syne i stereoskopet.

Bernard Picton har forska på nakensnegler i nærmare 40 år, og har svært god kunnskap om de kryptiske artene i Doto-familien. Han har publisert ei bok og ei rekke vitskapelege rapporter om nakensnegler, og har til og med vore med på å beskrive ei ny Doto-art tidlegare – Doto hystrix.

LES OGSÅ: Spansk TV-team filma Gulen under overflata

Heilt ny art for vitskapen

Nakensneglesafariet utanfor Gulen har no vorte arrangert i ei årrekke, og der møtes dykkarar, undervassfotografar og andre interesserte frå heile Europa til ein tredagars workshop for å leita etter nakensneglar og læra meir om artsavgjerd, biologi og levesett.

På årets safari vart det funne 43 artar, og det er altså gjennom åra funne til saman 70 ulike artar på havbotnen, noko som skal vera unikt for Noreg.

Fleire nye artar for Noreg er oppdaga der, og forskarane jobbar no med å skildra det som etter alt sannsyn er ein heilt ny art for vitskapen.
LES OGSÅ: Til topps med undersjøisk miljøsuksess

Artikkeltags