Børje fanga Noregs største breiflabb

Børje med rekordfangsten.

Børje med rekordfangsten. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Fanga breiflabb på heile 23,7 kilo på undervannsjakt.

DEL

Breiflabben han fekk no i helga var ein sværing, men akkurat kor gamal fisken var er vanskeleg å seie. Med tanke på størrelsen vil Møster tippa at han var rundt tjue år.

Fisken vart ikkje tatt på vanleg vis, men ved undervannsjakt.

LES OGSÅ: Endre er hekta på fisking

Jegaren sjølv trur ikkje at det vert lenge før rekorden vert slått, for det kjem stadig fleire til hobbyen.

Møster har drive med fridykking i lang tid, og har hatt dette som arbeid dei siste femten åra.

– Ikkje noko monster

– Eg håpar fleire vil sjå at dette er kortreist mat i særklasse. I Nordhordland er vi heldige som har sjøen rett utanfor stovevindauget, og det er ikkje mykje utstyr ein treng for å drive undervannsjakt, seier han.

LES OGSÅ: Ove skaut breiflabb med salongrifle

– Eg har sertifisert mange nye fridykkarar og instruktørar i åra som har gått. I tillegg kjem det folk frå utlandet for å dykka her, frå både Russland, Sverige og Danmark, fortel Møster.

– No på hausten er det gode tider for undervannsjegeren. Då kjem dei store fiskane inn på grunna. På somaren går dei for djupt, så då er det lite å hente, fortel han, og legg til at vinteren også er fin. Då er det krystallklårt i vatnet, men ikkje så mykje fisk. Då er det mest skjell å hente.

Han er oppteken av at slike store fiskar ikkje er svære monster.

– Ein breiflabb ser ikkje ut som noko stort og ekkelt monster. Han ser ut som ein breiflabb! Det er ikkje noko poeng i og snakka om kor stygge og fæle dei er, det skaper berre redsel.

LES OGSÅ: Kjempebreiflabb i garnet

– Eg meiner vi skal vera takksamme og ha respekt for dei liva me tek. Det er ingenting å vera redd for. Eg synes det er tullete og seie at dyra er stygge, seier han.

Inviterer ungdommen

Møster håpar at fleire ungdommar får augene opp for denne type hobby.

– Alt no til dags er så konkurranseprega. Både i skule og fritid er det om og gjera å vera best og prestera betre og betre, seier Møster. Han meiner at det ikkje er alle som er gode i sport, eller som trivs i det jaget som fort oppstår. - Ja, gje ungdommen dykkermaske før idretten tek dei, seier han.

– Ofte fins det ikkje alternativer til ungdommen, og ein vert gåande i same løypa som alle andre. Vi treng fysisk fostring utan konkurransemas, det er det altfor lite av i dagens samfunn, seier Møster og inviterer dermed ungdommen med ut og ned i sjøkanten.

LES OGSÅ: Ein slik har du neppe sett før

Artikkeltags