Gå til sidens hovedinnhold

No har geita Truls vore på bytur igjen

Artikkelen er over 4 år gammel

I fjor gjekk han opp Stoltzen, måndag tok geita frå Radøy Fløibanen for fyrste gong.

I fjor haust skreiv BA om den tre år gamle geita Truls som vart med eigaren sin, Kjartan Røynstrand Kolås (15), og resten av familien, på tur opp Stoltzekleiven til Sandvikspilen.

Då BA snakket med Kjartan om turen dei hadde, drøymde han om å ta med seg Truls på Fløibanen.

Masse merksemd

Måndag var dagen kommen, familien Røynstrand Kolås festa hengaren på bilen, fekk lasta Truls på, og sette kursen mot Bergen sentrum.

Silje Røynstrand ler når BA ringer og spør om Truls har vore på bytur igjen. Geita har vakt oppsikt nok ein gong, og har hamna på Facebook.

Les også

Så lett er det å få borna til å læra seg å fiska

 

– Me parkerte på Bystasjonen og gjekk til Fløibanen. Der vart vi tatt godt imot, turen var avtalt på førehand. Truls storkoste seg både på vegen opp, og ikkje minst elskar han all merksemda han får, smiler Røynstrand.

For geiter i sentrum er ikkje akkurat daglegdags kost, og på denne tida av året, er det dessutan rikeleg med turistar i sentrum. Mange av dei ville gjerne klappa Truls i dag.

– Han får masse merksemd og kos, og halen står til vêrs hele tida. Det verkar som om han har hatt ein fin dag på bytur, ler matmor.

Les også

Her kastar Samir seg i isvatnet for å redde svanen

 

Naut utsikta

Det var direktøren på Fløibanen som sa til familien at Truls var hjarteleg velkommen etter at ho hadde lest om geita i BA i fjor.

– Korleis gjekk det på Fløibanen da?

Røynstrand ler.

– Du kan berre sjå på videoen. Han sto hele vegen og naut utsikta, det var så herleg, smiler ho.

Familien har så langt ikkje lagt nye planar for nye utflukter for Truls.

– Vi få berre sjå kva som skjer, smiler matmor.

Les også

Ei ekte fjellgeit i Stoltzen

Kommentarer til denne saken