Denne blei påkøyrd på Radøy. No vil den tilbake til eigaren sin

Katten er no på Tertnes Dyreklinikk og ventar på eigaren  sin.

Katten er no på Tertnes Dyreklinikk og ventar på eigaren sin.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Laurdag fekk politiet melding om ein katt som hadde blitt påkøyrd i Austmarka på Radøy, og at det såg ut som den kunne ha knekt ryggen.

Det hadde den heldigvis ikkje.

– Vi tok med oss nødvendig utstyr for rask og human behandling av katten på staden. Etter ei rask og øm pasientundersøking, kunne vi konstatere at det var liv laga i katten og at den forhåpentlegvis berre treng ei god dose kjærleik og kvile, fortel Jan Kåre Aasmyr, politibetjent ved Nordhordland lensmannsdistrikt.

Treng kjærleik

Katten blei så frakta til dyrevernet og dyrlege på Tertnes.

No ønsker katten å komme seg tilbake til eigarane sine, og ber om at matmor eller matfar tar kontakt med Tertnes Dyreklinikk/Dyrebeskyttelsen.

Om eigaren les denne artikkelen, må dei gjerne også gi avisa Nordhordland ein lyd – slik at vi får vite korleis det går med pusen. Send gjerne ein mail til eline.kirkebo@nordhordland.no .

Psst: Ifølge politiet er katten veldig snill, og fin.



Artikkeltags