Rev, hjort, katt, and og ku fekk problem i helga

Gjennom helga var det ei heil rekke dyr som fekk problem.

DEL

Måndag fortel politioverbetjent Svein Arne Hatlevik om ei rekke dyr som har fått problem i ulike delar av Nordhordland i løpet av helga.

Natt til laurdag vart det meldt om ein rev som var påkøyrd i Austrheim.

– Ein rev, av alle ting, seier Hatlevik litt overraska.

Han fortel at reven vart såpass skada at viltnemnda måtte kallast ut for å avlive den.

– Det er ikkje så ofte ein køyrer på ein rev, men då er det flott at vi har god bistand frå viltnemnda, fastslår Hatlevik.

Påkøyrd hjort

Men klokka 05.10 same natt skjedde det ei påkøyrsel av langt meir utbreidd art.

– Ein hjort blei påkøyrd på Hopeflaten ved Mongstad, fortel Hatlevik.

Også der vart viltnemnda kalla ut, og tok seg av saka.

Ku på E39

Søndag morgon kom det endå ei melding til politiet om dyr i trafikken. Denne gongen var det snakk om ei ku.

– Vi fekk melding om ei laus ku på E39 ved Rema 1000 på Ostereidet, fortel Hatlevik.

Politiet fekk raskt kontakt med bonden som eig kua, som då kunne informere om at han hadde fått kontroll på dyret.

Katt påkøyrd

Verre gjekk det med ein katt på Frekhaug i Meland.

– Der vart ein katt påkøyrd og drepen natt til søndag, fortel Hatlevik.

Skadd and

Seinare søndag kveld fekk politiet melding om nok eit dyr.

– Denne gongen var det ei and. Nokon melde frå om at dei hadde sett ei skadd and i Knarvik, fortel Hatlevik, som elles opplyser at politiet ikkje rykte ut på dette oppdraget og ikkje veit korleis det står til med anda.

Her kastar Samir seg i isvatnet for å redde svanen


Artikkeltags