Søtnos-alarm: Sjå kyllingnøstene som har flytta inn i nabolaget

    Video: Sten Are Edvardsen

    Av
    Artikkelen er over 2 år gammel

    Vi vedgår at dette er agurknytt, men sjå på desse hjarteknusarane, då!

    DEL

    Tysdag føremiddag fekk Avisa Nordhordland tips frå ein lesar om at nokre måkekyllingar tassar rundt i byggjefeltet Nedre Mangerbua i Alversund.

    Dei har tilsynelatande flaksa ut av redet sitt og er klare for å utforska livet på eigehand.

    Triveleg det, men folket i byggjefeltet gjer lurt i å sjå opp for måkebæsj i hovudet dei neste dagane. Foreldra til søtnosane kan nemleg verta relativt agressive dersom menneskjer kjem for nær dei små.

    SØTNOSAR: Desse dunungane har for tida flytta inn i Nedre Mangerbua i Alversund.

    SØTNOSAR: Desse dunungane har for tida flytta inn i Nedre Mangerbua i Alversund. Foto:

    – Hekkar på hustak

    Håkon Vindenes i lokallaget for Norsk Ornitologisk forening har tidlegare uttalt til Moss Avis at dei får ein god del henvendingar om dette. På denne tida av året er det veldig vanleg å sjå såkalla dununger, for fiskemåkane forlet reiret når sistemann er ute av egget.

    – Måkene hekkar gjerne på hustak i byar, og om vingane på fugleungane er like heile, og om dei ikkje har opne sår etter fallet, er det best å la dei klare seg sjølve. Ungane vil vere flygedyktige fire-fem veker etter klekkinga, seier Vindenes.

    På spørsmål om dei vaksne måkane kan skade folk, fortel eksperten at måkane kan verka nærgåande, og når nokon kjem for nær dei, vil måkane forsvare borna sine.

    Farlege er dei derimot ikkje.

    – Men det verste som kan skje, er at folk kan få måkebæsj i hovudet, seier han.

    KOSAR SEG: Måkeungane utforskar livet utanfor redet.

    KOSAR SEG: Måkeungane utforskar livet utanfor redet. Foto:

    Ifølge Vindenes vil måkeungane også vandre omkring i området dei ramlar ned i, og det kan vere vanskeleg å opphalde seg i nærleiken av dei.

    – Er det eit for stort problem, kan måkeungane flyttast ein kort avstand, men det har inga hensikt å setje dei opp på taket att, understrek Vindenes.

    – Hjelp dei over vegen

    Moss Avis har også snakka med politiet som fortel at dei får ein del telefonar frå publikum som vil ha hjelp når dei oppdagar desse små fugleungane.

    Politiet oppmodar folk til å la måkenøsta vere i fred.

    – Fuglane klarar seg godt, og at måkeforeldra passar på, er naturens gong. Men er fugleungar på ein veg, til dømes, så hjelp dei gjerne over. Er det vaksne menneskjer til stades, er det greitt at folk tek litt tak sjølve, meiner Terje Marstad, operasjonsleiar i Østfold politidistrikt.

    Artikkeltags