Drog på fisketur på heimplassen – fekk beskjed om at dei ikkje ønska smitte frå hyttefolk

I sytten år har radværingen, som rett nok har vakse opp i Bergen, fiska frå svaberga i Bognestraumen, noko han reknar som sin føderett. Etter fredagens fisketur blei han derimot rekna som hytteeigar og beden om å reisa heim.