Gå til sidens hovedinnhold

Dramatiske kutt i barnehage og skule

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Utdanningsforbundet Alver er veldig uroa over rådmannen sine kuttforslag i økonomiplanen. Kutta vil systematisk ramme dei ungane som treng mest støtte og oppfølging.

Å jobbe i barnehage er ekstremt krevjande. Det stadige kravet om effektivisering kan ikkje einast med god omsorg. God og etisk fundert omsorg krev tilstrekkeleg personale med god fagkunnskap. Låg bemanning gjer at dei tilsette dagleg kjenner at dei ikkje når over alt, at dei ikkje strekk til.

Det er umogleg å gje trøyst til èin unge, skifte bleie på nummer to og samstundes hjelpe nummer tre som blir utestengt av dei andre. Barnehagesektoren er på landstoppen i sjukefråver. Pedagogane har rett på minst 4 t/veke til planlegging, men melder om mykje av denne tida går tapt, då sjukmeldingar gjer det uforsvarleg å forlate ungane på avdelinga. Resultat: Mindre førebudde aktivitetar, dårlegare tilrettelegging for ungar med særskilte behov, mindre tid til førebyggjande arbeid, dårlegare førebudde foreldresamtalar og -møte.

Det er eit paradoks at tilsette i barnehagane hadde dei beste arbeidsvekene i si karriere før sommarferien i år, midt under koronarestriksjonane. Redusert opningstid sikra full bemanning i heile opningstida, og dei hadde tid til å gjere ein god jobb. Rådmannen foreslår no å kutte i spesialpedagogiske tiltak og styrkingstiltak for dei ungane som treng mest hjelp og støtte. Det finst ikkje andre plassar å kutte i barnehagane.

Det har blitt avdekt at ein del skular i Alver har så låg bemanning til ordinær undervisning at dei bryt med minstenorm for lærartettleik etter Opplæringslova. Skulane fekk tildelt nok lærartimar til å halde norma, men ikkje nok til naudsynt omveksling av lærartimar til assistenttimar for å ivareta elevar med behov for oppfølging ein til ein. Dei mest sårbare elevane måtte ivaretakast, og då måtte lova brytast.

Rådmannen foreslår no å kutte fem lærarårsverk kvart år dei neste fire åra. Det ikkje stort meir å kutte innan ordinær undervisning. Dei fleste stillingane må difor hentast frå spesialundervisninga. Resultatet er at lærarane innanfor ordinær undervisning skal ivareta eit endå breiare behovsspekter blant elevane. Dårlegare ivaretaking av elevar med særskilte behov fører ikkje berre til dårlegare læring, men òg auke i aggresjon og utagering, og dårleg skulemiljø. Det blir ikkje betre av at det i tillegg skal kuttast i miljøarbeidarar i skulen, samt «førebyggande tiltak», som kan bety fritidsklubbar og ungdomskoordinatorar.

Rådmannen seier sjølv at kutt i spesialpedagogiske tiltak i barnehage og skule vil krevje at PPT er tettare på i høve til rettleiing. Samstundes foreslår rådmannen å kutte ca. 10% av rådgjevarane i PPT.

Barnehage- og skulesektoren i Alver har så knapt med ressursar at drifta etter vår meining tidvis er uforsvarleg. Brot på bemanningsnormer er vanleg, og bortfall av spesialundervisning og andre lovpålagte oppgåver skjer heile tida. Utdanningsforbundet Alver er tydeleg på at kutta får dramatiske følgjer, i to sektorar der leiarar og tilsette allereie strekk seg lenger enn langt for å ivareta ungane.

Astrid Rongevær, lokallagsleiar

Anita Helland og Jarle Næss, hovudtillitsvalde

Kommentarer til denne saken