Dramatisk Bjørn West-bryllaup: Gifta seg i tolvte time før krigshandlingane braka laus

I tolvte time før krigshandlingane for alvor braka laus i Masfjord-fjella, sa dei ja til kvarandre. Harald Risnes og forloveden Aslaug Bjordal er hovudpersonane i denne kjærleikshistoria som kunne vera henta frå filmverda.