Gå til sidens hovedinnhold

– Kjekt å spela saman

Julia og Preben har hovudrolla i haustens store krimdrama på DNS

Artikkelen er over 5 år gammel

Julia og Preben speler tvillingar i kriminalhistoria «Forbrent», som har premiere på DNS 12. september. – Håper vi får spela meir saman i framtida.

Det seier Preben Hodneland (29) frå Lindås og Julia Bache-Wiig (30) frå Gulen. Dei to skodespelarane stod også på scena saman i «Vaffelhjarte», som vart ein stor suksess på DNS hausten 2014.

Ikkje lei av kvarandre

– Vi har spelt 116 forstillingar saman, og no vert det enda fleire til hausten. Det er veldig kjekt å spela saman, seier dei to, og seier dei på inga måte har vorte lei av å vera kollegaer.

– Det er spanande å spela saman med Preben, vi har vorte godt kjent. Håper vi får spela meir saman i framtida, seier Julia, som var å sjå i TV2 sin kriminalserie «Frikjent» i vinter.

LES OGSÅ: Ei skrekkeleg historie

Speler tvillingar

Julia og Preben skal ha hovud-rollane i «Forbrent», og speler tvillingparet Simon og Janine. Teaterstykket handlar om ei mor, som lèt etter seg tvillingane kvart sitt testament. Tvillingane veit at mora deira har vore gjennom gruoppvekkende hendingar; ho krigen, men har ikkje snakka på 5 år.

– Bra tematikk

– Eg synest det beste med heile stykket er tematikken. Stykket tar for seg ein konflikt som er framand for mange, og eg synest det er flott at nokon tør å laga eit moderne stykke av eit alvorleg tema, seier Preben, som også er aktuell på kino- lerretet denne hausten, kor han er skodespelar i dramafilmen «Alt det vakre», som vart spelt inn førre sommar.

På nyåret flyttar Preben til Oslo for å spela på det Norske Teateret.

– Eg er ein rastlaus person som liker å flytta på meg, så eg gler meg til nye utfordringar i Oslo.

Før han reiser til Oslo, skal han også spela i «Hellemyrsfolket på DNS.

Kommentarer til denne saken