Gå til sidens hovedinnhold

Difor vil hotelleigaren heller driva asylmottak

Artikkelen er over 6 år gammel

Jenfrid Stellberg håper å hjelpa både flyktningar, kvinner i Uganda og seg sjølv ved å driva asylmottak.

Onsdag fortalde Avisa Nordhorland at Lindås kommune i likskap med Radøy kan få asylmottak.

I Lindås er det eigaren av hotellet Lune Huler på Vågseidet, Jenfrid Stellberg, som ønskjer å driva asylmottak.

Då hotellet vart bygd i 2009 var det i utgangspunktet for å finansiera eit bistandprosjekt i Uganda.

– Eg har bygd hotellet for å hjelpa dei absolutt fattigaste i Afrika. Der hjelp eg ekstremt fattige kvinner til å bli günderar, seier Stellberg til Avisa Nordhordland.

Den siste tida har hotellet stått tomt, og Stellberg vurderte å byggja det om til leilegheiter. Ho er klar på at bistandsprosjektet i Uganda framleis lev i beste velgåande.

– Det går fantastisk bra og fungerer veldig bra, seier ho.

Trur på trippel-effekt

Endå betre kan det gå om ho får innlosjera flyktningar på hotellet. Då får ho hjelpa både flyktningar, afrikanske kvinner og seg sjølv. 

– No ser det ut som eg kan få lov å hjelpa nokon som treng det her. Samtidig får eg inntekter på å leige ut huset, og då kan eg gjera endå meir i Uganda. Om eg får litt løn sjølv også, så blir dette som eit kinderegg, seier Stellberg, som omtalar seg sjølv som ein sosial entreprenør.

Hotelleigaren seier det er ho som har blitt kontakta av andre aktørar som driv asylmottak.

– Deretter høyrde eg med UDI kven som kunne vera aktuelle, og fekk ei liste over aktørar som driv asylmottak i vårt område, før eg tok kontakt, forklarer ho.

Millionoverskot

No er det høgaktuelt å inngå ein avtale med Norsk Mottaksdrift. Det er eit privat Lillehammer-selskap som driv åtte asylmottak i landet. To av dei ligg på Vestlandet, nærmare bestemt i Høyanger og på Skei.

Selskapet omsette i 2014 for 55,5 millionar kroner og hadde eit resultat før skatt på nær 5,5 millionar kroner. Sjå alle detaljar om Norsk Mottaksdrift på regnskapstall.no.  

– Dersom vi får dette til og kommunen er velvillig, og søknaden får tildeling frå UDI, så blir dette fantastisk bra, meiner Stellberg. 

Torsdag ettermiddag var ho tilstades i formannskapet i Lindås då to representantar frå Norsk Motaksdrift og UDI orienterte lokalpolitikarane om planane.

Ho viser sjølv til artiklar der personar bak asylmottak har fått stempelet flyktningebaronar og avviser at noko slikt er tilfelle her. 

– Her er det mennesket som er i fokus, det er heilt klart, seier Stellberg.

Garanterer for tryggleiken

Lindås-kvinna seier ho vil fylla heile hotellet. I likskap med Radøy snakkar vi om mottak for einslege mindreårige som ventar på avklaring på si asylsak.  

– Dei reknar med 40 einslege mindreårige, og då blir det bemanning 24/7. Minimum er to nattevakter. Det vil alltid vera folk der, så dette blir trygt for flyktningane og naboar, garanterer Stellberg, som håper å bidra til 15 arbeidsplassar i tilknytning til mottaket.

Økonomien i prosjektet kan ho ikkje gå i detalj på.

– Det kan eg ikkje seia noko om enno. Men eg har min eigedom som eg må forsvara. Eg har investert og må betala på lån, anten det står tomt eller ikkje.

Motstandarane i mindretal

Ho seier sjølv at prosjektet i Uganda gjer kjemperesultat.

– For kvar gründer, er det seks personar som er hjelpt ut av ekstrem fattigdom. Til no har vi hjelpt 20 000 ut av ekstrem fattigdom.

– Trur du dette går i boks?

– Ja, eg trur det. Folk er positive til dette. Eg la ut ei melding på facebook i går og fekk veldig mange positive tilbakemeldingar. Det er mange som vil hjelpa og synes dette er kjempefint. Så har vi sjølvsagt nokre som ikkje likar det, men det har ikkje vore så mange av dei.

At det kan bli for mange asylmottak og flyktningar i Nordhordland har ho ikkje trua på. 

– Dette er berre ein liten brøkdel i forhold til innbyggjartalet, ein liten prosent. Eg trur det går veldig greit. Det er veldig oppegåande folk som kjem. Dei vil lære, er flinke og har lyst å vera ressurspersonar, seier ho.

Kommentarer til denne saken