Diesellekkasje på Askeland

DEL

Fredag ettermiddag klokka 1545 melder politiet om diesellekkasje på Askeland kai.

– Det er meldt om diesellekkasje. Mogeleg frå vrakgods frå ein eldre båt, skriv politiet på Twitter.

Vidare opplyser politiet at brannvesenet har oppdaga eit større oljeflak nord for Lyseknappen i Radsundet.

– Det er truleg frå eldre etterleiver.

Lokalt brannvesen og kommunen var på staden fredag, og dei vil følge opp saka.

Artikkeltags