(Firdaposten): – Det er ikkje overraskande at søkeord som sofa, hagemøblar, sykkel og småbruk framleis toppar lista over mest brukte søkeord på FINN – for fjerde år på rad, seier Kristine Eia Kirkholm, kommunikasjonssjef i FINN:
– Vi nordmenn er veldig glade i å pusse opp og fornye heimane våre – og der kjem sofa og hagemøblar inn i bildet. Småbruk på si side representerer drøymeren i oss. Andre ting, som snøfresar, som vi ser at også har vore veldig populært på FINN i år, er litt meir sesongbetont. Søkene gjort i 2019 spenner veldig breidt, og det er mange morosame, fine og rare ting det vert søkt etter.
Sjå listene nedst i saka!
FINN har laga ei oversikt over kva vi har søkt mest på i året som har gått.
Mens sofa, sykkel, hagemøblar, Rolex og småbruk framleis tronar på toppen av lista over dei mest brukte søkeorda på heile FINN, har elbil komme inn på topplista på FINN bil, mopedbil komme inn på FINN MC og oppussingsobjekt på FINN eigedom, som populære søkeord.

Slik såg bilen ut etter ein tur til Knarvik senter
Småbruk og Oslo framleis mest populært
I 2016 førte eigedomsmangel og høge prisar til at Oslo falt på søkelistene og hamna på ein sjetteplass på søkeordstoppen på FINN eigedom, mens i 2017 og 2018 var Oslo tilbake på andreplass på topplista – berre slått av småbruk. Også i 2019 hamnar Oslo på andreplass, og er ein stad mange søker etter og drøymer om å finne seg ein bustad. Fornebu har også rykka opp éin plass frå i fjor – til ein tredjeplass på lista.
Elles er oppussingsobjekt eit populært nytt søkeord på FINN eigedom, og hamnar på sjuandeplass på topp 10-listen.
– Det er morosamt at oppussingsobjekt har komme inn på søkeordstoppen på FINN eigedom. Det stadfestar jo trenden vi ser om at nordmenn elskar å fornye og pusse opp. Mange ser nok også på det som ein moglegheit til å kanskje skaffe seg ein flott bustad til ein litt rimelegare pris, og så kan ein pusse opp etter kvart, seier Eia Kirkholm.
Campingvogner og el-bilar dominerer bruktbilmarknaden
Campingvogn har lenge ligge på topplista over mest populære søkeord på FINN bil, men i år har også bubil komme inn som ein sterk nummer to, noko som tyder på at vi blir stadig meir glade i denne ferieforma.
Tesla held seg også stabilt på lista, og nytt av i år er at Tesla Model 3 også kjem inn på sjuandeplass over dei mest brukte søkeorda på FINN bil, med elbil som heilt nytt søkeord rett under – på ein åttandeplass.
– Marknaden for brukte elbilar blir berre større og større, og vi ser at mange av dei mest populære modellane som vert lagt ut brukt på FINN blir selde utruleg fort, seier Eia Kirkholm.

Her har to postkassar forsvunne på ein månad
Spania og Hellas på reisetoppen
Spania og Hellas er framleis nordmenns soleklare favorittdestinasjonar for utanlandsferier, med Gran Canaria og Kreta som dei mest brukte søkeorda innanfor pakkereiser.
Når det gjeld flybillett-søket, er Oslo etterfølgt av Bangkok og London dei mest brukte søkeorda, tett etterfølgt av Alicante i Spania og Bergen.
Norge og Spania er dei mest populære landa å søke etter feriehus- og hytter til leige i, og her heime er det særleg vinterdestinasjonar som Trysil, Hemsedal og Sjusjøen som er populære.
Topp 10 søkeord over hele FINN:
Sofa
Sykkel
Hagemøblar
Rolex
Småbruk
Snøfresar (opp frå i fjor)
Louis Vuitton
Givast bort
Matbord
Kommode
Topp 10 søkeord Torget:
Sofa
Sykkel
Hagemøblar
Rolex
Snøfresar
Louis Vuitton
Matbord
Givast bort
Kommode
Topp 10 søkeord Motor – Bil:
Campingvogn
Bubil
Tesla
Amg
Cabriolet
Innbyte
Rep Objekt
Tesla Model 3
Elbil
gti
Topp 10 søkeord Motor – Båt:
Windy
Princess
Viknes
Nimbus
Yamaha
Viksund
Fairline
Askeladden
Goldfish
Yamarin
Topp 10 søkeord Motor – MC:
ATV
Tempo
Moped
Utv
Mopedbil
Vespa
Goldwing
Veteran
Vobber
A2
Topp 10 søkeord Eiendom:
Småbruk
Oslo
Fornebu
Hommersåk
Gardsbruk
Konnerud
Trondheim
Oppussingsobjekt
Lillestrøm
Nesøya
Topp 10 søkeord Jobb:
Jurist
Sommarjobb
Offshore
Sjukepleiar
Sjåfør
Elektrikar
Gardermoen
Kokk
HR
Eiendom