Dette kan sjå direkte på nordhordland.no i helga

Fyllingen - Haslum er berre éin av mange sendingar på nordhordland.no i helga. Foto: Anders Kjølen / BA
Fotball, handball, trav og motor er noko av det ein kan finne i helgas sendeskjema!
(BA): Frå fotballverda kan ein som vanleg følge Toppserien for damer og 2. divisjon for herrar på nordhordland.no.
Og først ut er Toppserie-oppgjeret mellom Arna-Bjørnar og Kolbotn laurdag klokka 14.00.
Klokka 16.00 skal høgtflygande Sotra i aksjon. Blåtrøyene, med historiske Renate Blindheim i sjefsstolen, møter Flekkerøy på bortebane i 2. divisjon. Trykk her for å sjå kampen.
Laurdag skal Sandviken revansjere nederlaget frå forrige helg mot Lillestrøm, når dei møter Lyn i hovudstaden. Kampen kan du følge direkte her frå klokka 14.00.
Fyllingen spelar hjemme
Deretter er det handballen som fyller skjermen. Søndag klokka 16.00 er det avkast i eliteserien for kvinner, når Fana møter Molde i Rosenes by. I eliteserien for herrar spelar Fyllingen heime mot Haslum klokka 17.00.
Warholms verdsrekordforsøk
Og skulle ikkje ballsport vere heilt din ting, så bugnar det av moglegheiter på nordhordland.no/direktesport, der alt ligg tilgjengeleg for abonnentane på Avisa Nordhordland.
Laurdag sender vi svømmestemnet Araberswin direkte frå Haraldshallen i Haugesund. Ein kan også følge norgesmeisterskapen i dragracing. Begge arrangementa har sendestart klokka 10.00.
Laurdag er det også V75 frå Bjerke Travbane. Det kan ein følge direkte her frå klokka 12.00!
Søndag kan det også bli action, når Karsten Warholm skal ut i eit nytt verdsrekordforsøk på 400 meter hekk i Berlin. Stemnet kan du følge direkte her. Warholm skal i aksjon klokka 17.45!
Kommentarer til denne saken