Det kan vere vanskeleg å skulle gå jule- eller nyttårsbukk som normalt samstundes som at ein held alle smitteverntiltaka for korona. Difor rår Alver kommune innbyggjarar til å finne alternative løysingar dette spesielle året.
Om ein likevel ønsker å gå frå dør til dør, ber kommunen om at ein følger dei same retningslinjene som gjaldt for «knask eller knep» under Halloween-feiringa.
Under i faktaboksen kan du sjå råda til Folkehelseinstituttet.
Dette er viktig for ei trygg feiring:
- Både dei som ringer på og dei som opnar døra må vere friske.
- Gå i små grupper, og med dei du er saman med til vanleg.
- Hald avstand til andre grupper, til dømes dersom det er kø utanfor enkelte hus.
- Alt godteri som blir delt ut, skal handsamast med reine hender, hanskar eller reiskap, og vere emballert (innpakka).
- Vent med å ete snopet til du er ferdig med runden, og til du har vaska/sprita hendene.
- Ikkje del godteri
- Bruk refleks i mørket og ha gjerne med ein vaksen som sikrar både smittevern og trefikktryggleik.
- Dersom du har luftvegssymptom eller av andre grunnar ikkje ønskjer at nokon ringer på døra, heng opp ein lapp på døra eller ringeklokka, der det for eksempel står: «Velkomne tilbake på julebukk i 2021».
Kommentarer til denne saken