BA: «Slepp kniven! Elles risikerer du å bli skoten med elektrosjokkvåpen! Det inneheld 50.000 volt!»
I politiets øvingslokale på Godvik demonstrerer politibetent Christian Wierød-Pedersen korleis politiets nyaste maktmiddel, «Taser» kan bli brukt.
Han åtvarar to gongar, både ved hjelp av sterke knitrelydar og lasersikte mot den fiktive gjerningspersonen.
«Taser, taser, taser!»
I noko som ser ut som ei scene frå «Scooby Doo», vert det skote ut to skarpe piler som er tilkopla elektriske leidningar.
Når pilene treffer gjerningspersonen, vert det fyrt av cirka 20 elektriske støytar per sekund, med ein styrke på mellom 800 og 1200 volt. Totalt 50.000 volt er i omlaup.
Lyden er intens.
– Spesiell type smerte
I fem smertefulle sekund vert nervesystemet som styrer musklane, råka av elektrosjokk. Støytane fører til ukontrollerte spasmar, noko som lammar kroppen fullstendig. Blir ein skoten av eit elektrosjokkvåpen, vil ein ikkje vere i stand til å yte motstand, noko som gir politiet moglegheit til å ta hand om gjerningspersonen.
Leiar ved seksjon for utrykkingseininga fagleiing og operativ trening, Andre Lilletvedt, har ikkje sjølv blitt utsett for elektrosjokk, men dei fleste instruktørane hans har testa det.
– Dei fortel om ein heilt spesiell type smerte, heilt ulik det dei har prøvt før. Det er vel som å stikke fingeren i ein stikkontakt, fortel han.
Til samanlikning kan eksponering av peparspray vere smertefullt i fleire timar.
Strenge reglar
Norsk politi har hittil hatt handjern, peparspray og batongar i verktøykassa. I hovudsak er politiet uvæpna, men har skytevåpen lagra i tenestebilane.
Det er strenge reglar for bruk av elektrosjokkvåpen. I dei fleste tilfelle vil elektrosjokkvåpenet bli brukt mot gjerningspersonar med kniv eller andre farlege gjenstandar, som eit alternativ til bruk av skytevåpen.
Elektrosjokkvåpenet skal ikkje erstatte bruk av skarpe våpen i dei tilfella der det er naudsynt, men vere eit supplement til andre maktmiddel, som batong og peparspray.
– Men i nokre tilfelle kan elektrosjokkvåpen erstatte bruk av skytevåpen, opplyser Lilletvedt.
I praksis vil kvar patrulje ha tilgjengeleg eitt elektrosjokkvåpen. Det skal vere bestemt kven som er «taser-ansvarleg».
– Det er ikkje noko lettare å bruke elektrosjokkvåpen enn skytevåpen. Eigentleg er det meir teknisk krevjande med «taseren», fordi du må treffe med begge pilene, kontra eitt treff med skytevåpen. Men dette er folk som har mykje grunnopplæring med våpen og skyteteknikk frå før av, så dei startar ikkje på scratch, fortel Lilletvedt.
Gode testresultat
I USA har elektrosjokkvåpen (ESV) blitt brukt sidan starten av 2000-talet. I 2021 vart det bestemt at politiet i Norge skulle ta i bruk våpenet, og no skjer opplæring av patruljemannskap over heile landet.
Vest politidistrikt skal vere ferdig med opplæringa før sommaren.
Politiet gjennomførte pilotprosjekt med ESV frå 2019 til 2021. Fire politidistrikt fekk prøve ut våpenet i dagleg teneste. Universitetet i svenske Umeå evaluerte prosjektet, og kom til følgande konklusjonar:
- Bruken av ESV førte ikkje til auka maktbruk frå politiet, men maktbruken vart noko endra. For eksempel vart bruken av peparspray redusert.
ESV kan erstatte bruk av skytevåpen i nokre tilfelle, men ikkje i alle.
- Tilgang på ESV kan medføre redusert risiko for alvorlege skadar og bruk av dødeleg makt frå politiet.
ESV vart i hovudsak brukt mot mentalt ustabile personar med aggressiv, truande og farleg oppførsel.
- Politibetentane kjende seg tryggare med ESV fordi dei kunne gripe inn utan bruk av skytevåpen.
- Utprøvinga har ikkje hatt negativ innverknad på folk sin tillit til politiet eller politiets omdøme.
Ikkje heilt ufarleg
Men heilt ufarleg er det ikkje. Internasjonale studium syner at bruken av ESV, kombinert med risikofaktorar som kjent hjerteliding eller langvarig narkotikabruk, kan vere dødeleg. Det er samtidig auka risiko for fallskadar, brannskadar og alvorlege augeskadar.
Politiet kjem ikkje til å bruke ESV på personar som dei veit er gravide eller har synleg dårleg helse, opplyser Lilletvedt.
– Det vil alltid vere ei heilskapsvurdering i forkant. Men i situasjonar der skytevåpen er eit alternativ, er dette eit godt hjelpemiddel.
– Det er ubehageleg og paralyserande, men så er du eigentleg heilt fin att etterpå. Det er du ikkje viss vi skyt deg i låret eller overkroppen.
Føregangsland
Amnesty International har tidlegare uttrykt uro knytt til innføring av elektrosjokkvåpen, ei uro som i stor grad baserer seg på erfaringar frå andre land.
Amnesty International har avdekt alvorlege overtramp ved politiets bruk av elektrosjokkvåpen i andre land. Blant anna har våpenet blitt brukt i situasjonar der det ikkje var alvorleg fare for liv og helse, og for å gjere jobben lettare under arrestasjonar, opplyser politisk rådgjevar i Amnesty International, Gerald Folkvord.
– Elektrosjokkvåpen er eit mindre dødeleg våpen, men det er ikkje ufarleg. Det kan påføre alvorleg skade og føre til at folk til og med mistar livet. Det bør berre bli brukt der det er naudsynt for å verne liv og helse, men det er jo også det som ligg til grunn for dei strenge reglane for norsk politi, samanlikna med andre land.
– Norsk politi har gjort mykje rett. Mitt inntrykk er at opplæringa av politibetentane er god. Politiet har gjort ein svært god jobb i prøveprosjektet, med kompetente folk som har følgt prosjektet. Når det no vert rulla ut over heile landet, får vi berre håpe at dei held fram den gode praksisen og ikkje lempar på vurderingane dei føretek seg, seier Folkvord til BA.