Tidlegare denne veka opplyste Alver kommune om at dei avlyste vaksinedagane i veke 36 og 37, der innbyggjarar frå 65 år og oppover skulle få oppfriskingsdose. Bakgrunnen var at dei hadde fått informasjon frå Folkehelseinstituttet om at ein oppdatert koronavaksine var på veg.

Torsdag ettermiddag har kommunen dei nye tidspunkta klare:

  • Søndag 18. september, klokka 12 til 20 (for gruppa 75 år og eldre)
  • Måndag 19. september, klokka 9 til 17 (for gruppa 65–75 år)
  • Tysdag 20. september, klokka 9 til 17 (for gruppa 65–75 år)

Alle som er fødd i 1957 eller tidlegare er invitert til drop-in-vaksinering i Nordhordlandshallen.

Den oppdaterte vaksinen skal vere betre tilpassa variantane av koronaviruset som sirkulerer no.

Torsdag var det drop-in-vaksinering i Nordhordlandshallen, der 121 personar møtte opp for å få oppfriskingsdose med vaksinen som kommunen har tilgjengeleg no.