Gå til sidens hovedinnhold

Dette er dei nye nasjonale koronarestriksjonar

Under tysdagens pressekonferanse med Helse- og omsorgsminister Bent Høie, helsedirektør Bjørn Guldvog og avdelingsdirektør Line Vold blei det klart at det blir innført nye nasjonale restriksjonar.

– Hald deg heime om du ikkje er frisk og test deg med minste mistanke, seier Helse- og omsorgsminister Bent Høie (H).

Dei nye koronarestriksjonane gjeld frå midnatt natt til torsdag 25. mars. Dei nye nasjonale tiltaka vil ikkje erstatte strengare lokale restriksjonar.

Dette er dei mest omfattande av dei nye tiltaka:

  • Ein meter blir til to meter avstand
  • Maks to gjestar på besøk
  • Anbefaler bruk av munnbind alle stader kor ein ikkje kan halde to meter avstand
  • Ha få kontaktar, og forsøk å ha dei same kontaktane over tid – ein bør avgrense sosial kontakt mest mogleg
  • Forbode med skjenking av alkohol over heile landet
  • Alle reiser som ikkje er nødvendig bør bli utsett. Dette gjeld ikkje reiser til arbeid kor det ikkje er mogleg med heimekontor, heimreiser for studentar som ikkje har familie der dei bur og reiser til hytte eller fritidsbustad med eigne husstand

Treningssenter må stenge, men kan halde opent for innbyggjarar i kommunen. Organisert idrett for vaksne, med unntak av toppidrett, svømmebasseng og andre aktivitetssenter blir stengt.

Det vil bli gjort nye vurderingar 12. april.

Les meir om anbefalingane og reglane i koronastudioet:

Les også

Nyheiter om koronaviruset

Kommentarer til denne saken