Gå til sidens hovedinnhold

Dette er dei nye koronatiltaka i Alver kommune

Onsdag kveld kom Alver kommune med nye tiltak og tilrådingar i samband med smittesituasjonen.

– Alver, Askøy, Bjørnafjorden, Osterøy, Samnanger, Vaksdal og Øygarden har tett kontakt med Bergen, både gjennom pendling, handel, kulturarrangement og sosiale aktivitetar. For å avgrense smittespreiing vil kommunane etter råd frå Folkehelseinstituttet (FHI), tilrå nokre av dei same smitteverntiltaka som Bergen.

Det skriv ordførar Sara Hamre Sekkingstad i ei pressemelding onsdag kveld.

Dei nye smitteråda vil gjelde frå 29. oktober til 26. november. Dei nasjonale smittevernråda kjem i tillegg, presiserer kommunen.

Alver kommune sine nye smitteverntiltak:

Nasjonale råd seier at ein ikkje skal ha fleire enn fem gjestar heime, i tillegg til dei ein bur med.

Det er lov med maksimalt 50 deltakarar på offentlege arrangement utan faste sitjeplassar, og 200 personar på offentlege arrangement med faste sitjeplassar.

I tillegg kjem Alver kommune med desse råda:

  • Serveringsstader som serverer alkohol, slepp ikkje inn gjester og serverer ikkje brennevin etter klokka 24.
  • Serveringsstader har system for registrering av gjester.
  • Lyden på utestader og serveringsstader skal vere på eit slikt nivå at gjester kan halde ein samtale med 1 meters avstand.
  • Heimekontor for innbyggarar som er avhengige av kollektivtransport, der det er praktisk mogleg og hensiktsmessig.
  • Bruk munnbind på kollektivtransport til og frå Bergen dersom du ikkje kan halde 1 meters avstand.

Kommunen understrekar at dei som reiser til Bergen kommune må følge Bergen sine påbod.

Kommentarer til denne saken