Gå til sidens hovedinnhold

«Det var med sjokk og vantru at eg såg at eitt av forslaga for innsparing var å leggja ned Alversund dag- og aktivitetsentet igjen»

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Kjære rådmann, kommunetilsette og politikarar. Det var med sjokk og vantru at eg såg at eitt av forslaga for innsparing var å leggja ned Alversund dag- og aktivitetsenter igjen. Eit dagsenter som har vore eit av dei beste i landet. Eit dagsenter me kunne presentera for helseminister Bent Høie og vera stolte av.

Alzeheimer er ein sjukdom som ikkje berre ramma personen, men heile familiar og som varer i mange år. Menneske heilt nedi femtiårsalderen kan bli ramma av denne sjukdommen. Det er vondt og vanskeleg å sjå sine kjære miste funksjonar. Sjå frustrasjonen deira over når dei ikkje greier det dei greidde før.

Forsking viser at fysisk aktivitet bremser sjukdomen. Det å ha ein strukturert kvardag med tilpassa aktivitet gjer at dei greier å oppretthalda funksjonane sine lenger. Alversund dag- og aktivitetsenter har vore eit senter som har greidd å gjere akkurat det.

Uteområdet deira innbyd til mange aktivitetar. Dei kan gå rett ut i hagen å høgga ved, spa i jorda, plante, male og plukke bær. Ja, det er mange eksempel. Det flotte turområdet rundt innbyd til mange turar der ein opprettheld aktiviteten og sansane. Dei går ikkje berre tur. Dei lukter, smaker og lager gjerne ein blad- eller blomsterkrans. Dei som er kjend der får gjerne fortelja noko dei har opplevd.

Eg har sjølv ein mann med Alzheimer. Då han fekk Alzheimer diagnosen i 2009 var det ei vond å vanskeleg tid. Vi prøvde å aktivisera og hjelpa , men strakk ikkje til. Gleda var stor då Alversund dagsenter opna og han fekk plass. Han treivst frå første dag. Dei som jobba der gjorde ein fantastisk innsats med kreativitet og humør. For oss pårørande blei det ei stor lette. Vi såg at akkurat det forskinga seier skjedde. Han blei på dagsenteret i mange år og har vore ei stund på Såtabu også når han ikkje greidde vera så aktiv lenger.

Så kom koranapandemien. Alt blei stengt ned. Eg blei sjuk. Borna vore hadde jobbar å passe. Då måtte han på sjukeheim. Der er plassen hans no, men det dagsenteret, borna våre og eg gjorde, er no byta ut med tre skiftordningar på sjukeheim. Det er ikkje gratis. Eg tenkjer at det må vera lønnsamt å halda dei sjuke utanfor sjukeheimsdørane lengst mogeleg. Og det gjer ein med gode dagtilbod.

Kristin Valdersnes

Les også

Et kostbart innsparingsforslag

Les også

«Personar med demens treng meir enn eit rom med tak over, og eit måltid. Dei treng aktivitet og meiningsfulle dagar, akkurat som resten av oss!»

Les også

Over 60 millionar i helse-kutt

Les også

Rune er bekymra for sin 85 år gamle far

Les også

Gry Kjersti si gruppe mot helsekutta får enorm respons: – Vi må gjere noko

Kommentarer til denne saken