I snart 20 år har kravet frå kystfolket på Vestlandet vore enkelt: Kvikksølvet må vekk.

Likevel har rapport etter rapport laga for Kystverket konkludert med det same. Tildekking, tildekking, tildekking.

Uansett kor mange gongar Kystverket har servert den same konklusjonen, har svaret ført til hovudristing. Me har ikkje kunna leva med å ha opp til 67 tonn med kvikksølv liggande i matfatet vårt.

Dei tallause rapportane frå Kystverket har aldri tatt innover noko av det aller viktigaste. Uroa hjå folket. Uroa for naturen vår. Uroa for matfatet vårt.

Då ekspertutvalet tysdag la fram sin konklusjon, var svaret eit anna. Dei tilrådde ikkje berre tildekking, men å henta opp kvikksølvet frå vraket før det vert dekka til.

Grunnen er at dei i motsetning til andre partar har tatt innover seg at tildekking ikkje har vore til å leva med for folket langs kysten.

Dei kom til Vestlandet og såg folk i auga, snakka med dei om frykta. Tok folk på alvor.

Sjølv om også ekspertutvalet vedgår at tildekking vil vera den mest ukompliserte måten å handtera kvikksølvet på, har dei for første gong lytta til den store uroa. Nemleg at kystfolket ikkje kan akseptera ei slik løysing.

At det måtte ta nesten 20 år før kystbefolkninga vart lytta til, er ein skandale. Her må det rett og slett skje ein alvorleg oppvask hjå Kystverket.

Viktige spørsmål om framtida til kyst, folk, mat og natur kan aldri berre vera eit spørsmål om det tekniske. Om ein ikkje tek innover seg korleis løysingane vil påverka hovudpersonane – menneska som må leva med konklusjonane – står ein i fare for å hamna på ville vegar.

Det var dåverande samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) som etter mange år skar gjennom. Flytta handsaminga ut av Kystverket, og sette ned det uavhengige ekspertutvalet. Det skal han i ettertid ha stor takk for.

Nokon gongar hjelper det å la nye folk sjå på problemstillinga med nye briller.

Siste ord er ikkje sagt om ubåten ved Fedje. Likevel vil tysdag 20. september 2022 stå att som ein viktig dag i det vidare arbeidet.

Det var dagen då ikkje berre folket på Fedje, men folket langs heile kysten vart lytta til. Håpet må no vera at ein greier å få opp kvikksølvet.

Men me har òg eit krav:

Det bør aldri meir lagast eit reknestykke om U-864, utan at kystfolket er ein del av samanstillinga.