Det fine med idretten og kulturen er den raude tråden. Den tråden som gjer at alt heng saman. Sjølv om det er aldri så langt frå Namsos til Royal Albert Hall, finst det faktisk ein veg dit. Om ein lukkast er det mogeleg.

Hundreårsjubilanten Manger musikklag viste at det faktisk var mogeleg å komma seg heile vegen til den britiske kulturelle storstova. Ingrid Ryland viste at det var mogeleg å gå frå graset på Årås og heile vegen til å vinna sølv i EM. Roger Helland gjekk frå dei same grastustane til å møta stjernene frå tippekampen på Anfield. Lise Klaveness representerte eldsjelene på Fossemyra då ho steig opp på talarstolen i Doha.

Dessverre er fotballen i ferd med å kvitta seg med den raude tråden. VM i fotball i Qatar, som startar denne helga, er i seg sjølv ein skandale. Det største problemet er likevel at arrangementet i gulfstaten berre er ein del av eit større bilde. Folk med pengar og makt har utført eit ran – dei har stole fotballen frå dei som eigentleg eig han.

Dei som eig fotballen er nemleg dei som legg ned den daglege innsatsen. Dei som vaskar draktene, dei som står i kiosken, dei som møter opp på tribunen, og dei som brukar time etter time i regnet i ein litt for stor trenarjakke. Det spelar eigentleg ikkje nokon rolle om det er på Fossemyra, Brann Stadion eller på Old Trafford. Heile ideen bak konkurransen i idretten er at om ein er dyktig nok kan ein nå heile vegen til toppen. Både som enkeltspelar, òg som lag, men kanskje aller mest som ein fellesskap på eit høgare nivå.

Framleis er det denne historia fotballen forsøker å selja oss. Sjå! Erling Braut Haaland har gått heile vegen frå Bryne til å vera toppskårar i Premier League! Sjølv om denne historia viser at den raude tråden framleis eksisterer, er det for mange element ved historia som er ein del av den same sørgelege utviklinga som òg VM i Qatar er ein del av.

For klubben jærbuen spelar for, er ein del av det same fenomenet som VM. Ein del av dei same kreftene som ønskjer å gjera idretten til butikk for å gjera seg sjølv rikare, men òg aller mest for å reinvaska eigne moralske skruplar.

Medan ein annan gulfstat har kjøpt VM, er det medlemmar av kongefamilien i Abu Dhabi som eig Manchester City, klubben til Erling Braut Haaland. Akkurat som for VM i Qatar er målet få folk til å assosiera landet med anna enn brot på menneskerettane til migrantarbeidarar, mangel på likestilling og eit syn på seksuelle minoritetar som høyrer heime i mellomalderen.

Saman med ein annan kategori av eigarar – nemleg dei som utelukkande ser på fotballen som butikk – prøver denne gjengen å endra fotballen. Sjølv om forslaget om ein europeisk superliga vart slått ned i førsteomgang, kjem dei til å gjera nye forsøk. Draumen deira er ein eigen liga, utan opprykk og nedrykk, der berre dei med aller mest pengar har tilgang. Altså å ein gong for alle kutta den raude tråden.

VM i Qatar er ein skandale uansett korleis ein snur og vender på det. Ingen kan gjera greie på korleis det har seg at tusenvis av migrantarbeidarar har mista livet. Den openlyse korrupsjonen som Fifa-toppane ikkje ein gong ser ut til å skjemmast over. Og i tillegg: At det ikkje finst eit einaste sportsleg argument for å plassera VM i Qatar.

Det einaste fattige lyspunktet med VM i Qatar, er at folk er i ferd med å opna auga. Fleire ser no at fotballen er på alvorleg ville vegar. Noko må faktisk gjerast om ikkje fotballen skal øydelegga seg sjølv fullstendig. Men det må ikkje stoppa når lyskastarane vert skrudd av i Doha nokre dagar før jul. Qatar er eit skrekkdøme som må fordømmast, men berre toppen av isfjellet.

Laurdag, dagen før VM startar i same by, snakka Fifa-president Gianni Infantino til den internasjonale pressa i Doha. Han stempla like greitt kritikarane sine som hyklarar, etter at han hadde følt seg som både qatarsk, som migrantarbeidar og homofil. Dessverre for Infantino, bommar Fifa-pampen fundamentalt. Det store problemet er at korrupte Fifa har seld fotballen til nokon som ikkje respekterer verdiane fotballen burde vore bygd på.

Han burde tatt seg ein tur til Fossemyra, Årås, den nye kunstgrasbana på Ostereidet eller nokon av dei andre flotte fotballmiljøa i distriktet vårt. Møt folk som står opp for fair play, for at alle skal få eit tilbod, står på for å utvikla lag og enkeltindivid, og som kanskje, kanskje utviklar nokon som kan visa at den raude tråden framleis går heilt til topps i fotballen. Folk som skyr korrupsjon, skyr brot på menneskerettar og folk som skyr at nokon har stole lidenskapen deira. Lise Klaveness er ein strålande tillitsvald for dei. Det same kan ikkje seiast om dei lenger oppe i systemet.

Problemet til Fifa-pampane og dei andre som vrir fotballen stadig lenger vekk frå dei eigentlege verdiane, er at dei ikkje kan sjå grasrota i auga. Den raude tråden frå klubb, til fotballkrins, til Uefa og til Fifa har slite seg for lengst. Eg kan knapt komma på nokon som verdimessig ligg lenger unna grasrota i fotballen, enn Fifa-toppane og dei som eig mange av dei store klubbane. Det finst alternativ. I Tyskland har ein gått for ein langt betre modell enn i dei andre toppnasjonane for å sikra demokratiet og å unngå sjeikeeigde klubbar. Også i Norge har klubbdemokratiet vorte revitalisert.

Det var slik den omfattande kritikken av Qatar-VM kom til overflata. Det var derfor Lise Klaveness kunne gå på talarstolen i Doha og refsa pampeveldet i Fifa tidlegare i år.

Tenk om England skulle ta fotballen heim, tenk om det er denne gongen eit afrikansk lag verkeleg går langt i meisterskapet, tenk om Danmark skulle overraska alle, eller tenk om Messi skulle få løfta VM-pokalen …

Det vil dessverre ikkje vera det same denne gongen. VM i Russland, like etter annekteringa av Krim var ein skandale, VM i Qatar er endå verre.

Fotballen har svikta oss. Om me vil vinna han tilbake, er det på høg tid at me står opp mot galskapen. Den raude tråden må tilbake. Gje dei lokale eldsjelene nokon internasjonale fotballpolitikarar som dei kan stola på.

Les også

Rett før talen, tikka det inn ein sms frå ein ukjent mann. Ho kjem aldri til å gløyma kva som stod der

Les også

Endeleg kan jentene drøyma på ekte