Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Austrheim Arbeiderparti fyrer opp debatten om Øksnesmarka med innlegg i fleire media dei siste dagane. Det grøne skiftet er gjennomgangstema. Naturen, klimaendringar, berekraft og global matmangel. Olje og gass skal ut. Sirkulær økonomi og gjenbruk skal inn! Me må fornya oss, og med Per Lerøy ved roret skal den nye kursen settast. Det er heilt sant! Akkurat sånn frontar Austrheim Arbeiderparti si kjernesak, næringsutvikling i Øksnesmarka, i innlegget sitt i Avisa Nordhordland si nettavis søndag 18. desember.
I tillegg kom dei ein ny artikkel i same avis, 21. desember, som omhandlar arbeidet til Norconsult.
Eg var så heldig å få vera med ordføraren på ein tur i marka i haust, etter initiativ frå avisa Nordhordland. Der fortalde han om tøffare tider. Korleis det var å sparka småstein i mangel på arbeidsplassar før industrien fekk sleppa til på Mongstad. Han fortalde om korleis Austrheim var ein lutfattig avkrok, nærmast ein av dei fattigaste plassane ein kunne tenka seg. Om den til dels feilslåtte satsinga på fraktefart, medan austevollingane hadde betre teft i si satsing på fiskeriet. Til vårt hell ville oljenæringa satsa på Mongstad, og me unngjekk fråflytting og sveltihel. Men Mongstad er jo på feil side av kommunegrensa. No må me ha vårt eige næringsområde i Øksnesmarka. Mongstad er uansett inne i solnedgangen. Kva skal me satsa på?
Sirkulær bioøkonomisk matproduksjon, seier konsulentselskapet Norconsult. Det høyrast bra ut. Men kva betyr det? Det vil sei biologisk matproduksjon med høgast mogleg grad av gjenbruk. Ammekyr og fiskeoppdrett på land som det sentrale. Og så kan me bruka avløpsvatn til å produsera salat og tomatar i eit drivhus. Me kan bruka kuskit og oppdrettsslam til å produsera biogass. Og me kan spe på med litt produksjon av insekt, algar og bakteriar. Ifølge Norconsult er innsatsfaktorar for det meste fiskefôr, kraftfôr, elektrisitet og ferskvatn. I driftsfasen vel å merke. Dette er heilt klart mykje grønare enn den brune myra og lyngen som veks i marka i dag. Grønt er framtid. Grønt er lønnsamt. Her snakkar me minst hundrevis av arbeidsplassar. Når Norconsult seier det, stemmer det nok.
Austrheim Arbeiderparti skulle nok gjerne utvikla dette sirkulære bioøkonomiske industrieventyret sjølv, hadde det ikkje vore for at dei er eit lite politisk kommuneparti med avgrensa midlar til rådigheit. Men heldigvis var det ein som kjente ein som kjente ein som ville ta jobben. Ein velkjent aktør i kommunen. Neivel, kanskje ikkje med den reinaste stien bak seg, men med eit glødande nytt engasjement for miljø, klima og biomarin innovasjon. Odd Haugen AS tar oppdraget! Utbygginga vert sjølvsagt skånsam.
Næring i Øksnesmarka er inga ny sak. I mange år har det vore på agendaen. Nokre har kjempa for, andre har kjempa mot. Dei siste åra har debatten spissa seg til. Ved utarbeiding av kommunens arealplandel var eit potensielt næringsområde i Øksnesmarka konsekvensutgreia heile tre gonger i perioden 2016–2018. Den første gongen av kommunen sjølv, dei påfølgande to av konsulentselskapet Multiconsult. Eit selskap i same kategori som Norconsult. Alle desse konsekvensutgreiingane var klinkande klare på at Øksnesmarka IKKJE ER EIGNA TIL NÆRING! Så kva seier fleirtalet i kommunestyret i april 2019? «Me treng ikkje faglege råd, me veit best sjølve! Det me treng er meir næring! Me treng arbeidsplassar! Me treng industri!»
No er Norconsult i gong med reguleringsarbeidet. Dei skal laga ei ny konsekvensutgreiing og kartleggja naturen i Øksnesmarka. På ein grundig, påliteleg og nøytral måte. På oppdrag for Odd Haugen AS. Riktig. Betalt av Odd Haugen AS. Sånn er systemet i dette landet vårt. Bukken passar havresekken. Det blir spennande å sjå kva score konsekvensutgreiinga til Norconsult landar på, samanlikna med Multiconsult sine resultat. Denne gong skal det visstnok gjerast endå grundigare. Aksjonsgruppa er klare for å gå Norconsult nøye i saumane!
Så er det dette med stein og massebruk. Per Lerøy gjentar til stadigheit at det ikkje skal ein stein ut av området. Frå stovevindauget mitt ser eg rett over Åråsvågen og inn i næringsarealet i Øksnesmarka. Det eg ser er eit bratt og høgt terreng som stig opp frå sjøkanten. Eit terreng som hevar seg til vel 20 meter over havet. Om ein ser på skissene til Norconsult ser ein eit kjempestort område planert ned til nivå på høgde med kaiområdet. Om alle steinmassane skal deponerast i det føreslåtte arealet på vestsida i næringsområdet, kjem Austrheim til å bli ein fjellkommune. Me kjem til å få ein ruvande tind som tar morgonsola frå halve Øksnes. Skapt av bergarten anortositt, som heller kunne vore seld over kai til god pris. Greitt nok om ikkje ordføraren er ein kremmar, men me må anta at Haugen ser verdien i steinen.
Her følger eit avsnitt fritt for ironi:
Det finst ingen grønt Klondyke i Øksnesmarka. Det finst ingen infrastruktur, ingen straum eller vatn. Det finst ingen investor. Det finst ikkje potensial for eit næringsområde der. Det trengst ingen næringsområde der. Det er stor etterspurnad etter arbeidskraft i eksisterande næringsklynger rundt oss. Det er mykje attraktivt og ledig areal tilknytt dei eksisterande næringsklyngene. Det er tilflytting til kommunen og låg arbeidsløyse. Kysten vår er blendande vakker, og me bur berre ein time frå byen. Austrheim er i ein draumeposisjon for framtida. Som bukommune for både etablerte austrheimingar og tilflyttarar. Folk som vil vera med å skapa eit endå betre samfunn. Eit samfunn som er miljøvenleg på ekte. Kanskje til og med folk som vil engasjera seg i lokaldemokratiet. Sirkulær økonomi og gjenbruk er forresten absolutt ikkje dumt, men då kan godt arealet òg vera brukt om att eller i det minste vera del av ein sunn arealpolitikk. Det er heilt klart rom for ny, fornuftig og lønnsam næringsutvikling i kommunen!
Men me treng Øksnesmarka som ho er. Det største samanhengande naturområdet i kommunen. Kor bergryggane fortel ei historie om korleis isen trakk seg tilbake for 14.000 år sidan. Der myra ligg i fred med lag på lag med yrande økosystem. Der lyngheia har vore røkta og nytta som utmarksbeite kanskje sidan folkevandringstida. Der me kan vandra gjennom kulturlandskapet og sjå korleis torva vart teken ut av dei som var her før oss. Der dagens øksnesingar, mellom anna ved hjelp av økonomiske midlar frå staten, legg ned ein formidabel innsats for å ta tilbake kulturlandskapet ved bekjemping av sitkagran og ved lyngsviing. Der mange av oss veljar å bruka fritida vår på tur, i eit ope og naturleg landskap. Det er grunna dette landskapet me likar å bu her, i Austrheim.
Men i tråd med eldgamle tradisjonar, og med den gamle tingstaden eit drygt steinkast mot nord, treng me eit demokratisk styre her òg. I dag har me ein ordførar som er inne i sitt tolvte år med ordførarkjede, og som no vil ha fire år til. Han seier han er ein samfunnsbyggjar. Mi meining er at han fører ein bakstreversk og miljøskadeleg politikk. Ein politikk der han hevdar at løysinga på alle verdas problem er å gjere endå meir av det me har gjort dei siste 50 åra. Han pakkar det inn i grønt papir, akkurat som Støre, Barth Eide, Aasland og co. gjer på Stortinget, og kallar det berekraftig.
Vel Per, me bit ikkje på.

Ei miljøvenleg utbygging av næring, vil ikkje få negative konsekvensar for naturen

Konsulentar meiner omstridt utbygging kan gi opp mot 283 arbeidsplassar i Austrheim
