Dei var ikkje klar over kor aktuelle dei skulle verta. Dei som i år etter år har gjort den jobben som 8. mai 2022 manifesterte seg i Nordhordland. På Hundvin, ved ungdomshuset Dalheim. På Selsøy. Der bautaen for kort tid sidan vart firt ned med helikopter etter år med jobbing og planlegging.

Krigen i Ukraina minnar oss på kvifor 8. mai ikkje har gått ut på dato. Aldri må gå ut på dato! Fridommen, demokratiet og sjølvstendet er ikkje noko sjølvfølgje. Det er tragisk at mange av oss treng ein ny forferdeleg katastrofe midt i Europa, for å innsjå kva som faktisk står på spel.

Det siste tiåret har demokratiet vore på vikande front aust i Europa. I Ungarn og Polen, ikkje langt frå stovedøra vår, har rettar me ser på som sjølvsagte stått for fall. I Ukraina slåst menn, kvinner og ungdommar ein blodig kamp for demokratiet og sjølvstendet.

Det er ikkje noko anna despoten i Moskva har å frykta. Det er demokratiet han er livredd for. Det er demokratiet han har gått til angrepskrig på. Me som skriv i aviser har forstått at det er på tide å ropa varsku. Når det eigentleg var for seint.

Men dei som har lagt ned alt arbeidet med å formidla historia vår, nei, dei har ikkje henta motivasjonen frå nyheitssendingane på tv. Nei! For dei har faktisk aldri gløymd. Mange av dei opplevde sjølv kva mangel på fridom var. Andre har hatt den same motivasjonen, utan å ha opplevd det sjølv.

Dei har ikkje fått betalt for å fortelja, slik eg får som redaktør i avisa. Nei, denne gjengen har lagt ned dag etter dag, månad etter månad, år etter år, med vaskeekte og ærleg dugnadsarbeid.

Dei som har reist bautaen på Selsøy og monumentet over Karl Nesfossen ved ungdomshuset Dalheim fortener òg ein bauta. Men det er ikkje nokon bauta dei ber oss om å reisa. Dei ber oss om å aldri gløyma. Dei ber oss om å bera historia vidare.

Historia om dei som kjempa for å få tilbake fridommen og demokratiet. Historia om dei som sette sitt eige liv på spel for å redda andre.

Det er faktisk vår tur no. Det er ikkje nokon annan måte me kan heidra desse krigsheltane på. Dei krigsheltane som ikkje kjempa i krigen, men som har halde historia levande.

Ein av dei som eigentleg kunne ha kvilt no, men som me må takka for at han framleis heldt koken, er Karsten Stene. Til forsamlinga, som hadde møtt opp på avdukinga av monumentet etter Karl Nesfossen, spara han ikkje på kruttet. 

Med god grunn. 

Kombinert med klokskap, historiekunnskap og forteljarglede, kom Stene òg med ei uro. Ei uro for at vår generasjon ikkje veit nok om slitet på bygdene på strilelandet, ikkje kjenner historia frå krigen godt nok, og ikkje står klare til å ta vidare den uerstattelege formidlingsviljen som hans generasjon har vist.

Nokon vert sikkert betutta over at dei unge igjen skal belærast. Men det må me berre la ligga. For Karsten Stene og alle dei andre som har halde historiane frå krigen og fortida levande, har heilt rett.

Me skuldar dei rett og slett å ta arva vidare. Det er ingen andre enn vår generasjon som kan gjera det. Det er me som skal gjera det.

De er me som no må bringa historiene om krigsheltane vidare. Men òg historiene om offera som vart gjort for at demokratiet og folkestyret skulle sigra.

Me kan starta med å takka deira generasjon for jobben dei har gjort. For å ta vare på den lokale krigshistorien. På Selsøy, på Hundvin, men òg på Bjørn West-museet på Matre, og så mange andre plassar i distriktet vårt.

Dei gjorde det for faktisk for at me skulle sleppa å oppleva det same. For at me skulle forstå at fridom, demokrati og sjølvstyre ikkje er sjølvsagte verdiar. Då er det minste me kan gjera å setta oss inn i det dei har å fortelja. Leita vidare etter dei heltane som har gått i gløymeboka, men òg å fortelja vidare. Ta vare på det krigshistorieheltane har skapt.

Det er snart ikkje nokon andre som kan formidla denne kunnskapen vidare. Det er vår tur no. Me skuldar heltane å ta oppgåva på alvor.

Les også

Den stillfarne agenten