– Det er sjukt deilig, berre prøv!

SJØLVSKRYT: - Ikkje høyr på all reklamen som seier at du blir lukkeleg om du berre gjer sånn og sånn. Det er ikkje sant. Du er god nok som du er, seier Cathrine Heienberg. Ho oppmodar ungdomane om å begynna med sjølvskryt i staden.

SJØLVSKRYT: - Ikkje høyr på all reklamen som seier at du blir lukkeleg om du berre gjer sånn og sånn. Det er ikkje sant. Du er god nok som du er, seier Cathrine Heienberg. Ho oppmodar ungdomane om å begynna med sjølvskryt i staden.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Sjekk bloggar Cathrine sitt beste råd til ungdomane.

DEL

– Det er like viktig å vera fasadekritisk som kjeldekritisk. Dei syltynne modellane er ikkje ekte. Fotoshop har fiksa dei, seier Cathrine Heienberg (25).

Den unge bloggaren har kjend skjønnheitstyranniet på kroppen, og utvikla spiseforstyrring før ho kom til erkjenninga av at alle dei som på ulikt vis prøver å få oss til å endra oss, berre er ute etter å lura oss.

– Det er masse pengar i usikre menneske. Dei vil at vi skal hata oss sjølve, for å tena pengar på oss. Men ikkje lat dykk lura, seier ho.

Frå fotball til skjønnheit

Framfor eit fullsett samfunnshus med ungdomsskuleelevar frå Austrheim fortel ho om korleis ho endra seg frå å vera ei ivrig fotballjente på barneskulen, til å skifta fokus til alt som dreidde seg om skjønnheit då ho byrja på ungdomsskulen.

– Sjølve lukka i livet, trudde eg, seier Cathrine og legg til at ho synest det er ille at vi heilt frå vi som liten via eventyret om Askepott vert fortalt at eit vakkert ytre er svaret på lukka i livet.

– Det er heilt feil. Alle fordelane det vert reklamert med om vi berre gjer sånn og sånn, eksisterer ikkje. Du vert ikkje lukkelegare av å slanka deg syltynn. Du er god nok som du er. Du har ei unik skjønnheit inni deg som du mister når du ikkje er fornøgd, seier ho.

Cathrine Heienberg har skrive boka «Selvskryt - bli din egen heiagjeng.»

– Skryt av deg sjølv

Hennar beste råd til ungdomane er å vera like snille med seg sjølve som ein er med vennane sine.

– Skryt av deg sjølv, til deg sjølv. Slutt med all sjølvmobbing. Trekk istaden fram alt det du likar med deg sjølv. Hei på deg sjølv, det er ingen som høyrer deg, seier ho og fortel at ho har brukt teknikken både i skulesamanheng og då ho reiste åleine til New York.

– Det er sykt deilig og ved å vera din eigen heiagjeng, vert det og lettare å heia på andre, seier bloggaren frå Bergen.

Ungdomane fekk med seg ei lang liste med argument for kvifor dei skal byrja med sjølvskryt. Konferansen om skjønnhetstyranniet onsdag var i regi av sanitetsforeiningane Hundvingrend, Lindås, Lindåsneset og Årås, og er eit ledd i NKS sin kampanje «Lei av å bli lurt».