Ingen tvil om at oppdrettsnæringa er ei stor, viktig og ikkje minst mektig næring som tenar pengar, mykje pengar. At det er mangel på kunnskapen om denne næringa blant vanlege folk og politikarar er nok riktig, spesielt på dei negative konsekvensane av oppdrett. Derfor vil eg prøva å synleggjera dette.

Les også

Ta dykk ein tur ut til den «grådige» næringa de omtalar

Berre på eit lite område i ytre Osterfjorden / Sørfjorden er det fire oppdrettsanlegg som brukar opp mot 100 tonn med for kvar dag i periodar, og ein veit at halvparten av dette blir til avføring og spillfôr utan nokon form for å oppsamling.

I dag består foret av minst 70 prosent vegetabilske råvarer (soya, raps, mais, kveitemjøl, …), kloakken blir då heilt lik kloakk for menneske. Frå desse fire anlegga vert det produsert 3–4 gonger meir kloakk enn alle som bur i Alver kommune produserer. Her er kommunen pålagt å reinsa all kloakk og brukar fleire hundre millionar kvart år på bygging og drift av reinseanlegg og tømming av septiktankar, som innbyggarane må betala for. (Nytt reinseanlegg i Knarvik til fleire hundre millionar).

Oppdrettarane slepp den same kloakken rett i sjøen, og på den måten kan ein seie at me er alle med på å «sponsa» oppdrettsnæringa.

Resipienten/Oksygeninnhaldet på djupvatnet i Osterfjorden har ein dramatisk nedgåande kurve som i 2019 for første gong målte under 50 prosent (475m) på eit målepunkt (St. 2, målingar tilbake til 2002) mellom Hamreflua og Steinestø. Etter Vanndirektivet er vatnet då sjukt og det skal gjerast tiltak. Det kan vera fleire grunnar til dette, blant anna klimatiske, nedbør, temperatur, omrøring i terskelfjorden, men den viktigaste grunnen er den store tilførselen av næringssalt (kloakk / spillfôr) frå oppdrettsanlegg. Dette er det mogeleg å gjera noko med, til dømes oppsamling av kloakk og spillfôr, sjå Sjøtroll sitt anlegg Blom ved Bruvik.

Kommunane i Nordhordland har arbeid på gang med ny plan for sjøareal som er ute på høyring no (frist 6. desember). Ser ikkje ut som det er tatt omsyn til resipienten i fjorden der.

Eg er einig i at oppdrett er ei stor og mektig næring, men det må vera berekraftig, og det er det ikkje i dag, i alle fall ikkje inne i fjordane. Det er på høg tid at oppdrettsnæringa vert med på å betala skatt for bruken av fjordane og kysten, og det må stillast krav om oppsamling av kloakk og forspill, eller lukka anlegg.

Les også

Til alle tider har strilar hausta av «havets sølv»: Øystein fryktar at tradisjonen stoppar med han