Fredag ettermiddag kom meldinga om ein vasscooter som hadde velta i Salhusfjorden ved Nordhordlandsbrua.

To menn i 20-åra var involvert i ulykka. Nicolai Øvrås Espetvedt (24) frå Holsnøy er framleis sakna etter ulykka.

Det bekrefter lensmann i Nordhordland lensmanndistrikt, Kjell-Idar Vangberg. Namnet er frigjort etter ønske frå dei pårørande.

Politiet har søndag utvida søket til Askøy grunna straumen i vatnet som går vestover.

Ber om hjelp

Pårørande til Espetvedt har søndag delt eit innlegg på Facebook der dei ber om hjelp.

«Vi setter stor pris på om det er noen som vil hjelpe oss å leite fra båt etter han. Vi trenger at han blir funnet.»

Politiet har tidlegare skrive at dei har tett dialog med dei som no saknar sonen sin.

Bildeserie

Fleire bidreg med å leite etter den sakna