(Firda): Vi har lagt bak oss fleire dagar med fint vêr i jula, men snart får vi ei endring på vêrfronten:
– Og det blir ei skikkeleg omlegging også, konstaterer meteorolog Olav Krogsæter, meteorolog hos StormGeo til Firda fredag morgon.
Lågtrykka kan vare i vekevis
Vi kan rett nok glede oss over fint vêr i dag fredag, men natt til laurdag kjem det ein del nedbør.
– No kjem dei vanlege vinterlågtrykka inn i Norskehavet. Dei blir ganske kraftige og kan vare meir eller mindre i vekevis.
Nedbøren vi har i vente startar som snø, i alle fall i indre strøk. Ute ved kysten kjem det som regn.
Laurdag blir ein våt dag, med om lag 20–30 mm med regn. Det blir middels med nedbør og den vil kome som regn. Ved kysten blir det kuling frå sør, seier meteorologen.

Feirar den nye kommunen med festkonsert
Store nedbørsmengder i vente søndag
Søndag har vi mykje meir nedbør i vente. Då kan det kome mellom 80–100 mm.
– Søndag ser ikkje bra ut. Vi kan vente oss ein del snøsmelting høgt til fjells og det kjem store nedbørsmengder. Det kan skape problem med fare for ras på utsette stader.
Medan vi fredag og laurdag får om lag 2 grader, blir det søndag opp mot 8–9 grader.
Fuktig avslutning på 2019
Måndag held det fram med regnbyer, og det kan bli ein god del også. Det blir også kjøligare. Vinden kjem meir frå vest.
Nyttårsaftan blir den beste dagen, men det kjem eit nytt nedbørsområde og vi kan få litt regn.
– Kjem regnet under rakettoppskytinga?
– Det kan nok vere fare for det, seier Krogsæter, og legg til at vi kjem til å få mykje vêr dei neste dagane.
