Desse tiltaka gjer NGIR

NGIR passar på både innbyggjarar, tilsette ved anlegga, samt sjåførar med desse nye tiltaka, og dei ber alle om å oppretthalde dei.

DEL

Også NGIR har innført fleire tiltak mot vidare koronasmitte i Nordhordland, og ber innbyggjarane følgje deira råd. I ei pressemelding melder dei at ønsket om å halda både tilsette og publikum er stort, og derfor er tiltaka no sett i verk.

Dette er tiltaka

Dei nye NGIR-korta og MiljøID-appen som er adgangsbevis, vil framleis nyttast, men NGIR vil ikkje fysisk registrera dette sjølv. Vidare for å hindre at folk kjem i kontakt med ein annan har dei avlyst alle omvisningar og skulebesøk inntil vidare.

I tillegg ber dei om at publikum som ønsker å kome i kontakt med dei, i første omgang prøver per telefon eller e-post, framfor personleg oppmøte.

Dei kjem også med ein bønn på vegne av sjåførane deira, som seier at ein må passe på at avfallet ein kastar faktisk ligg i dunkane, og ikkje med restar på utsida.

- Kan vere helseskadeleg for oss som jobbar

I tillegg ønsker dei å dele eit sett reglar som alltid er gjeldande, men kanskje viktigare no enn nokon gong. Hjelp oss med å sortera rett, slik at ikkje koronaviruset vert spreidd unødvendig, og vi kan ta vare på våre tilsette og alle rundt oss, skriv dei i ei pressemelding.

Vidare skriv dei:

Vær så snill å IKKJE kast andre typar avfall enn det som skal til papirgjenvinning i dunken med blått lokk. I Kjevikdalen vert alt innhaldet i dunken med blått lokk sortert for hand.

Vi opplever at våre kundar kastar alt frå snytepapir og brukte bleier, til anna rest- og matavfall i dunken med blått lokk. Dette kan vere helseskadeleg for oss som jobbar med sortering.

Dette skal i dunken med blått lokk:

- Papir

- Drikkekartong

- Papp

- Lilla plastsekk med tekstilar

- (Plastemballasje skal sorterast i eigen blank plastsekk for plastemballasje. Når det er

tømming av plast og papir heng du plastsekken på plastkroken som er festa på papirdunken

din.)

PS! Du kan også sjå NGIR sin video med same bodskap på Avisa Nordhordland si Facebook-side!

Artikkeltags