Desse prosjekta kan redde næringa etter koronakrisa, ifølgje ordføraren

Per Lerøy har klare idear om tiltak som kan styrke næringa etter koronakrisa er over. ARKIVFOTO.

Per Lerøy har klare idear om tiltak som kan styrke næringa etter koronakrisa er over. ARKIVFOTO.

Av

Prosjekt som kan sikra sysselsettinga etter korona-krisa og under krisa i olje- og gassnæringa.

DEL

MeiningarDet er mange bedrifter i Vestland fylke som har store vanskar med å sysselsetja sine tilsette. I første rekkje gjeld dette verksemder i reiselivs-, transport- og handelsbransjen og årsaka til dette er koronaviruset, men i vårt område opplever me ei anna krise som kan bli vel så alvorleg og truleg vil vara mykje lengre enn krisa koronaviruset har skapt.

Dette er krisa i olje- og gassnæringa som følgje av priskrigen på råolje mellom Russland og Saudi-Arabia.

I 2014 starta den førre krisa i olje- og gassnæringa og nokre verksemder og kommunar har enno ikkje kome seg heilt over denne krisa. Det er nok å visa til offshorereiarlaga som framleis har store betalingsvanskar og lever på kredittinstitusjonane sin nåde.

No kjem det kvar dag meldingar om oljeselskap som kuttar i leiteverksemda og reduserer prosjektaktivitetane. Me snakkar om kutt på fleire titals milliardar kroner berre i 2020. Dette vil føra til dramatiske reduksjonar i aktivitetane ved forsyningsbasane langs kysten.

I Vestland fylke er det basane i Øygarden, Alver og Kinn som vil merka aktivitetsreduksjonen sterkast, men ingeniørmiljøa i Bergen og på Stord vil også bli sterkt råka av krisa. Det same vil alle verksemdene som leverer varer og tenester til forsyningsbasane, oljeselskapa og leverandørindustrien.

Bedriftsleiarar eg har snakka med, fryktar at denne krisa vil bli langvarig og føra til store omstruktureringar i bransjen. Me ser alt at fleire av dei store teknologiverksemdene våre vil slite med sysselsettinga dei komande åra.

For å dempa effektane av dei to krisene me no er inne i, bør følgjande store prosjekt løftast opp og setjast i gang så snart som mogeleg. Prosjekt som bør prioriterast er:

  1. Ombygging av raffineriet på Mongstad slik at det kan raffinera olja frå Johan Sverdrup-feltet.
  2. Bygging av mottaksanlegget for CO2 på Kolsnes.
  3. Knyte Mongstad-anlegget saman med mottaksanlegget for CO2 på Kolsnes.
  4. Byggje fangstanlegg for CO2 på Fortum sitt anlegg på Klemetsrud eller Norcem sitt anlegg i Brevik.
  5. Forsere utbygginga av Hywind Tampen.
  6. Halda fram med oppgraderinga av ferjeflåten.
  7. Utvikle og byggje neste generasjons hurtigbåtar basert på nullutsleppsteknologi.
  8. Tildela fleire utviklingskonsesjonar for oppdrettsanlegg på land og lukka anlegg i sjø.

Lokalt kan mange små og store tiltak bidra til auka aktivitet og sysselsetting. Her bør me mellom anna:

  1. Forsera arbeidet med Nordhordlandspakken. Denne bør også utvidast med hjelp av statlege midlar slik at heile den regulerte vegtraseen på Radøy vert bygd ut no.
  2. Setja i gang bygginga av ny E-39 frå Klauvaneset til Vågsbotn så snart reguleringsplanen for traseen er ferdig. Dette er det mest samfunnslønsame vegprosjektet i fylket.
  3. Heva U-864.
  4. Byggje Masfjordbrua. Denne vil saman med FV-570 som no vert kraftig utbetra som ein del av Nordhordlandspakken, knyte saman viktige næringsområder i Fensfjordbassenget med næringsområdet ved E-39 i Alver kommune og bidra til ei sterkare næringsutvikling i heile regionen.
  5. Oppgradere offentlege bygg som vidaregåande og kommunale skular, kyrkjer, forsamlingshus og idrettsanlegg.
  6. Gjennomføra punktutbetringar på fylkeskommunale og kommunale vegar.
  7. Byggja fleire omsorgsbustadar.
  8. Oppgradere og byggja ut vatn- og avlaupsnett.
  9. Sikra straum- og fibernettet mot skadar frå utmarksbrannar eller ekstremvêr.

Austrheim kommune har følgjande prosjekt klare og arbeid på desse kan setjast i gang straks:

  1. Bygging av rundkøyring i nye Leirvåg-krysset på FV-57. Dette krysset er eit viktig knutepunkt mellom næringsareala på begge sider av Fensfjorden. Reguleringsplanen er klar og tekniske vegteikningar føreligg.
  2. Bygging av ny ambulansestasjon for nordre Nordhordland på Mastrevik. Tomt og teikningar er klare.
  3. Bygging av gang- og sykkelveg langs FV-565 frå Mastrevik til Kilstraumen. Reguleringsplanen er klar og tekniske vegteikningar føreligg.
  4. Bygging av rundkøyring i Keilekrysset på FV-57. Reguleringsplanen er klar og tekniske vegteikningar føreligg. Dette prosjektet vil opna opp eit stort næringsareal langs Keilevegen. Prosjektet kan knytast saman med gang- og sykkelvegen frå Lindås til Mongstad der reguleringsarbeidet er godt i gang.
  5. Byggja gangveg langs FV-565 frå Litlelindås til Førland. Reguleringsplanen er klar og tekniske vegteikningar føreligg.

Ingen av tiltaka eg viser til er direkte retta mot dei næringane som i dag er mest prega av koronakrisa, men ringverknadane av tiltaka vil både reiselivs-, transport- og handelsnæringane dra stor nytte av i lang tid framover. Tida er no inne for å ta djerve grep for å sikra ei god og framtidsretta samfunnsutvikling i landet.

Generasjonane før oss bygde landet i tider då me ikkje hadde pengar. No har nasjonen godt med pengar på bok og litt av desse sparepengane må me kunna bruka for å sikra oss arbeidsplassar for framtida.

Helsing Per Lerøy

Ordførar i Austrheim kommune

Artikkeltags