Vinnaren av 5-kilometeren under Knarvikmila var Marius Garmann Sørli som sprang for Ask Friidrett. Med ei sterk tid på 15:01 hadde askøyværingen all grunn til å feire då han kryssa målstreken.
– Eg er absolutt nøgd med tida mi, om ein tek vinden og ein svingande løype i betraktning.
24-åringen har konkurrert under Knarvikmila tre gonger tidlegare. Neste veke skal han til Kristiansand for å delta i 5.000 meteren under NM.

Dugnadsiver og stormannsgalskap i 40 år
På andreplass i 5.000-meteren kom Andreas Størkson (20) med ei tid på 15:37, etterfulgt av Robert Hisdal (43) med ei tid på 16:05.
Hisdal fortel at resultatet av løpet var som venta.
– Sørli pleier alltid å knuse meg. Han forsvann frå oss andre i første sving, men det er gøy å springe mot nokon som deltek i NM, seier Størkson.
Hisdal er einig, og legg til:
– Eg er berre glad for å sjå at eg framleis heng med i tet no som eg er eldre. Men eg trenar kvar dag. Eg trur eg berre har hatt to dagar utan trening så langt i 2021.

Verdsrekord-heltane gløymer aldri den helga i Knarvik for 40 år sidan
Vann 10.000 meteren
Berre ein knapp halvtime etter startskotet gjekk på Knarvik stadion, spring Frew Zenebe Brkineh inn på idrettsbana igjen. NM-gullvinneren held høg fart, heile vegen inn til målstreken, der han kollapser i mål med ei tid på 31:05.
Inn bak han kjem Ken Tony Johansen på andreplass og Daniel Beeder på tredje.
– Eg synest det gjekk veldig bra. Det var gode forhold utenom litt motvind, men eg låg bak Daniel stort sett heile løypa, seier Johansen og peiker til Beeder.

Bildeserie frå Knarvikmila på laurdag
Dei to kraup seg bort til same plassen på grasbana og snakkar andpustent om løpet.
– Eg har trent mykje før Knarvikmila. Eg forsøkte eigentleg å nå eit NM-krav, men slik blei det ikkje. Då blei det Knarvikmila i staden, seier Johansen.
Beeder fortel at han også er nøgd med resultatet. Begge to spring for Gular Friidrett.
Brikneh kjem attende til bana etter ei pustepause. Han er nøgd med sigeren:
– Det gjekk veldig bra! Eg likte løypa også. Eg sprang på 31:05. Dette er også den første konkurransen min i Bergen sidan koronapandemien byrja, seier han til avisa.
Samtidig var han ikkje heilt nøgd med vinden og temperaturene ved Knarvik stadion.
Brikneh kjem også til å reise til Kristiansand neste veke for å delta i NM.
