Derfor seier vi ja til byvekstavtalen

Øyvind Oddekalv (Meland) og Nina Bognøy (Lindås) med innlegg om kvifor Alver Arbeidarparti seier ja til byvekstavtalen.

Øyvind Oddekalv (Meland) og Nina Bognøy (Lindås) med innlegg om kvifor Alver Arbeidarparti seier ja til byvekstavtalen. Foto:

Av
DEL

MeiningarByvekstavtalen for Bergensområdet skal opp til politisk behandling torsdag 20. februar. Dette er ei sak som har vore aktuell lenge, Lindås kommune takka ja til å vere med i forhandlingane allereie våren 2018. Sidan har Alver kommune overtatt som part i avtalen, og avtalen vart forhandla klar for politisk behandling i fylkestinget og dei ulike kommunestyra i desember 2019.

Bakgrunnen for avtalen er reduksjon av utslepp av klimagassar, konkret gjennom nullvekstmålet. Nullvekstmålet betyr at auken i persontrasport skal takast med kollektivtransport, sykling og gange. Men det handlar og om kapasitet og framkome i transportsystemet.

Statlege millionar

Eitt av dei grunnleggande elementa som ligg i avtalen er at Staten kjem med pengar til prosjekt som bidreg til å nå måla for avtalen. Alver kommune er sikra kr 352 mill. fram til 2029. Dette er midlar som vi ikkje får om vi seier nei til avtalen. Det er dette Staten vanlegvis gjer når dei ønskjer ei gitt utvikling, dei kjem med pengar.

Dette er pengar som skal gå til prosjekt på vegane våre, til dømes gang- og sykkelvegar, innfartsparkering og eit betre og billigare kollektivtilbod. Og fylkeskommunen er heilt avhengig av desse midlane for å kunne gi den kollektivproduksjonen vi forventar. Og for å slå det fast, det er ikkje krav til eigne kommunale midlar i byvekstavtalen.

Arealpolitikken blir ikkje strengare

Det har vore sterkt fokus på spesielt det som gjeld arealpolitikk i avtalen. Faktum er at det ikkje er nye forpliktingar på arealpolitikken i byvekstavtalen, sjølv om det hardnakka blir hevda det motsette frå enkelte. Det styrande for arealpolitikken er gjeldande lover og statlege og regionale føringar og planar.

Døme på dette er plan- og bygningslova, statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, regional areal- transportplan for Bergensområdet 2017-2028, regional plan for attraktive senter i Hordaland 2015-2016 og nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2019-2023. Desse blir alle vist til i avtalen, men det er ikkje nye arealkrav i byvekstavtalen. Byvekstavtalen er ikkje ein juridisk avtale og gir ikkje høve til motsegn.

Vi skal ta heile Alver i bruk!

Det er eit klart mål i intensjonsavtalen for Alver kommune at vi skal ta heile kommunen i bruk. Derfor har vi i intensjonsavtalen definert seks nær- og lokalsenter, utanom regionsenteret Knarvik; Frekhaug, Vikebø, Manger, Bøvågen, Lindås og Ostereidet. Dette vil vere førande når vi skal vedta kommuneplanen for Alver kommune, ein plan som vil vere svært viktig for korleis kommunen vil utvikle seg dei næraste tiåra.

For det er i kommuneplanprosessen vi vil legge føresetnader for den utviklinga vi ønskjer. Og det er her statlege og regionale styresmakter kan komme med sine innspel, og då må dei vise til lovverket, føringane og planane som er nemnt over. Dei kan ikkje vise til byvekstavtalen, noko òg fylkesmannen var tydeleg på i temamøtet på Frekhaug i januar. Vi vil kjempe for den utviklinga vi ønskjer i alle delar av Alver, og det må vi gjere med eller utan byvekstavtalen. Og vi er avhengig av god utvikling i Knarvik for å utvikle gode og attraktive nær- og lokalsenter.

Avtalen har blitt betre undervegs

Representantar frå Alver AP har vore ein del av forhandlingsdelegasjonen frå starten fram til avtalen vart signert rett før jul. I heile prosessen har det vore bevegelse og omegnskommunane har fått til viktige gjennomslag. Av viktige gjennomslag er satsinga på innfartsparkering, at programområdemidlane ikkje berre skal kunne brukast på riksveg, men og på fylkes- og kommunal veg og at Staten auka det økonomiske bidraget undervegs.

E39 Vågsbotn-Klauvaneset blir trekt fram

Det klart viktigaste vegprosjektet for Alver og Nordhordland er ny E39 mellom Vågsbotn og Klauvaneset. Heldigvis har alle dei lokale partane blitt einige om at dette er eit viktig og nødvendig prosjekt, både fylkeskommunen, Bergen kommune og kommunane i Nordhordland. Derfor har og regjeringa opna for å endra prioriteringa i neste NTP (nasjonal transportplan), der Vågsbotn-Arna er prioritert som første byggetrinn på Ringveg Øst i dag. Den sentrale og viktige statusen som vegen nord i Åsane har blir understreka to stader i byvekstavtalen. Dette er viktig med tanke på rulleringa av NTP neste år.

Alver Arbeidarparti har hatt ein god og grundig prosess når det gjeld byvekstavtalen. Medan andre konkluderte lenge før forhandlingane var ferdige, har vi hatt ei grundig behandling med medlemsmøte og gruppemøte. I prosessen har mange hatt tvil og det har vore mange spørsmål. Vi har vore avhengige av å få svara på alle spørsmåla våre, og derfor har vi heller ikkje kunna konkludere før. Og derfor står vi òg støtt på avgjerda vår.

For Alver AP,

Øyvind H Oddekalv, gruppeleiar og kommunestyremedlem Nina Bognøy, kommunestyremedlem og fylkestingstingsrepresentant

Artikkeltags