– Dette har vi gleda oss til, seier kultursjef Eirik Bouwer Utne i ei pressemelding.

Onsdag 9. juni opnar Alver kommune dørene til dagsturhytta Sjøbua på Byngja.

Alle dei tre dagsturhyttene, på Eldsfjellet, Vardefjellet og i Byngja, kom på plass i mars. Grunna ei forseinking i leveransen vart både montering og opning skyvd på.

Sjølv om Sjøbua får ei etterlengta markering denne veka, blir det framleis ikkje heilt som planlagd. Det blir i første omgang digitalt, går det fram i pressemeldinga.

– Pandemien gjer at vi har valt å utsetje opningsarrangementet, fortel Utne.

– Opninga vert no i staden markert digitalt med ein filmsnutt som viser fram alt dagsturhytta har å by på. Vi lovar å invitere til eit større familiearrangement når det vert færre smittevernrestriksjonar.

Nøgde med plasseringa

Kultursjefen håpar at mange vil ta i bruk hytta sør for Bøvågen.

Også leiar i Hordabø idrettslag, Frode Myking, har trua på at hytta blir suksess.

– Byngja er ein fantastisk stad for bading, fisking, turar og padling, og med denne dagsturhytta har du endå ein grunn til å besøkja Byngja, seier han.

Idrettslaget skal ha tilsyn med hytta, medan kommunen er eigar og har driftsansvar for hytta.

– Vi svært nøgde med at dagsturhytta er plassert nettopp i Byngja, og vil passe godt på den, seier Myking.

Les også

Randi (90) elskar å gå på tur: – Eg kan ikkje sitje inne og kokkelure