Det er lett å forstå at folk flest meiner at nok er nok når det gjeld bompengar.

I og rundt Bergen florerer det med bomstasjonar og talet vil berre auka dei neste 5 – 10 åra. Sjølv om eg forstår frustrasjonen over dei mange bomstasjonane, forstår eg ikkje heilt korleis me i Nordhordland kunne seia nei til den flyttinga av bomstasjonar som Bergen foreslo for nokre veker sidan. Rett nok ville 8% fleire av dei som i dag kryssar Nordhordlandsbrua måtta betala bompengar, og det ville dei sjølvsagt oppleva som svært negativt, men viss me ser på kva som låg i potten for Nordhordland, forstår eg ikkje at sentrale politikarar i regionen kunne takka nei til tilbodet.


I avtalane som ein no jobbar etter heiter det seg at 1,5 milliardar frå bomringane i Bergen skal øyremerkast til tre prosjekt på ringveg øst. Reknar ein ei jamn fordeling av desse vil dette gje 500 millionar til strekninga Nordhordlandsbrua – Vågsbotn, altså vår flaskehals på E39.

Tilbodet frå Bergen var at dersom dei fekk flytta ein bom til Nordhordlandsbrua, så skulle heile summen på 1,5 milliardar kroner øyremerkast vår veg. Dei skulle også jobba saman med oss for å sikra tidlegast mogeleg oppstart av prosjektet.


For meg så dreier dette seg om kost – nytte prinsippet. For ein relativt lav kostnad for våre pendlarar ville me altså fått øyremerka 1 milliard kroner meir til vårt prosjekt! Dette ville betydd at det ikkje var me som gjennom den flytta bomstasjonen ville finansiert bybana til Fyllingsdalen slik enkelte hevda, men at bomringane i Bergen ville delfinansiert E39 frå Nordhordlandsbrua til Vågsbotn, altså vår viktigaste del av E39!


Pendlarane som hadde blitt råka av flyttinga av bomstasjonen vil sjølvsagt hevda at det ville vore svært urettvist viss dei hadde fått heile rekninga for å sikra den ekstra milliarden til vårt E39-prosjekt. Det har eg stor forståing for, men utfordringa er at rekninga kjem til oss uansett den dagen E39 Nordhordlandsbrua – Vågsbotn står ferdig. Då må me også dekka inn att kostnadane med den tapte milliarden med renter og renters rente!


Kvifor er me så opptekne av E39 Nordhordlandsbrua – Vågsbotn? Dagens veg er ikkje bygd for den trafikkmengda vegen har i dag. Dette fører til at vår region taper i konkurransen med dei andre regionane rundt Bergen. Den negative utviklinga for Nordhordland vil bli forsterka når dei nye vegane til Os og Sotra står ferdige om nokre år.


Til sist vil eg slå eit slag for ei ny finansieringsordning for vegprosjekt og kollektivutbygging. Bomstasjonane si tid må etter kvart vera forbi og vegprising vert trekt fram som eit mogeleg alternativ. Personleg meiner eg at samferdselsprosjekt i framtida bør finansierast over skattesetelen, og då sjølvsagt mest frå dei som har mest. Ei slik endring kjem me nok diverre ikkje til å oppleva så lenge landet er styrt av ei regjering som er mest oppteken av å gje store skattelettar til dei som har meir enn nok frå før!

Les også

Den store elbilfrykten


Per Lerøy
Leiar i Austrheim Arbeidarparti