Gå til sidens hovedinnhold

Deltidsbonden og Sara, Posten og Dag Erik, noko felles?

Politikarar i Alver MDG kommenterer intervju og oppslag i Avisa Nordhordland 21. juli.

Lesarbrev Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Ordførar Sara Sekkingstad seier mye bra, m.a. at «nye grøne arbeidsplassar» er det viktigaste for folk i Nordhordland, at Alver har ein «sterk deltidstruktur som er uheldig» og Høgre og Frp er «største motstandarar» i valet. MDG er totalt samd med Sara i to av tre.

Dag Erik Hagesæter, Frp, bles ut om ei postsak som illustrerer kvifor Frp er ein felles mostandar for SP og MDG. Han er sint på Posten si effektivisering/utarming av posttilbodet på Frekhaug. Noko som er ein logisk konsekvens av Frps eigen lovprisa marknadsøkonomi, der profitt, privatisering og konkurranse ruler.

Posten må effektivisere i konkurranse med nye, private firma. Resultat: dårlegare service, minst dobbel parallell utkøyring med post og pakkar, auka belastning på miljø og natur, alt vanlege konsekvensar av sentralisering, liksom eksplosjon i netthandel, 60 % auke i pakkar berre hos Posten (same oppslag), auka matimport, svekka sjølvforsyning, mattryggleik og dyrevelferd.

Marknadsøkonomiens skylappfokus på høgst mogleg profitt og lågast mogleg lønsutgifter er dårleg samfunnsøkonomi, som gir stadig effektiviserings- og sentraliseringspress, transportauke, forureining og naturtap, utflagga verksemder og tap av lokale arbeidsplassar, både heil- og deltidsjobbar. Då er me ved deltidskulturen, som ikkje er totalt «uheldig», men kan vere heilt nødvendig.

På Vestlandet har folk i alle tider overlevd takka vere tilbod om deltidsjobb. Kombinasjonsyrke har sikra livsutkomme: fiskarbonde, bonde/tømrar/vegarbeidar/bussjåfør/kommunalt tilsett m.m. Eit meir naturnært, bonde- og dyrevenleg jordbruk, må byggje på det beste i slik kombinasjonstilpassing, både for å ta vare på matjorda, utvikle «nye grøne arbeidsplassar» og gi distriktsungdom interessante jobbar og livsgrunnlag, «ta heile landet i bruk».

Men då må me snu marknadsøkonomiens mammonmane max profitt og stordriftsfokus, som gjer det umogleg for unge vestlandsbønder å satse. «Krava til investeringar gjer det umogleg for oss å drive vidare på gardens ressursgrunnlag», sa ein ung deltidsbonde. Han er ikkje åleine.

Ja, Sara, Høgre og Frp, med krykkene V og KrF, har feil kompass og kurs. Men kan Sp og Ap klare å korrigere kursen åleine? Dei treng press og støtte frå parti som vil ha både eit berekraftig jordbruk og ein jordbruksøkonomi der unge kan satse. Me må byggje på nye økonomiske teoriar, som set menneske- og dyrehelse, miljø og natur framfor profitt.

Leif, Maya og Anita
Alver MDG

Les også

Reagerer på nedlegginga av Post i butikk på Frekhaug

Les også

Sara vil kjempe for E39 og kommuneøkonomien

Kommentarer til denne saken