Avisa Nordhordland ønsker å kome med ei orsaking.

I saka Her ligg det titusenvis av bildekk i sjøen, like utanfor den populære badestranda, skreiv vi i den første versjonen at selskapet som stod ansvarleg for å dumpe heile og delar av bildekk på sjøen, var eigd av no avdøde Wilfred Astor Flølo.

Flølo var berre ansvarleg for eitt av selskapa som heldt til på «Bruket», i nokre år. I 1973 skal han ha gitt seg, og produksjonen av skytematter heldt fram med andre leiarar.

Det er usikkert akkurat når bildekka hamna på havbotnen, og vi ønsker difor å beklage for at Flølo har blitt skulda for å stå ansvarleg for dette. Dette har vi ikkje hatt dekning for å skrive.

Vi vil understreke at dette ikkje har blitt gjort med intensjon og at vi vil gjere vårt beste for å unngå slike uheldige feil i framtida.

Avisa Nordhordland følgjer både Ver Varsom-plakaten og Redaktørplakaten.