Dei sel krafta billeg til innbyggjarane: Milliontap for kommunen, redninga for næringslivet
– Det er veldig enkelt: Utan den billege konsesjonskrafta frå Modalen kraftlag hadde det sett trasig ut for butikkane på Mo og på Øvre Helland. Konsesjonskrafta er veldig, veldig viktig for oss i ein vinter som byr på så mange utfordringar for utkantbutikkane.