Gå til sidens hovedinnhold

Natt til 8. november 2018 kolliderte KNM «Helge Ingstad» med tankskipet «Sola TS» utanfor Stureterminalen i Øygarden. 

Det var ei mørk og klar natt. Den toppmoderne fregatten segla utan elektronisk signal, slik marinefartøy ofte gjer.

Ikkje før det var for seint oppdaga mannskapet på brua at lysa dei trudde var frå land, var frå eit stort tankskip.

Trass i åtvaringar over samband, styrte ikkje fregatten unna i tide. Krigsskipet vart påført omfattande materielle skadar i skroget og tok inn vatn. 

Fregatten grunnstøytte og søkk.

Utruleg nok kom alle dei 137 om bord frå det heile med livet i behald. Åtte personar fekk lettare skadar.

Dei dramatiske minutta. Og livet etter havariet.

Utruleg nok overlevde alle då milliardfregatten vart totalskadd. Forsvaret har fått mykje kritikk, men mannskapet skryter av oppfølginga dei fekk. Slik går det med dei i dag.

For abonnentar