Gå til sidens hovedinnhold

Datatilsynet vender tommelen ned for ny e-lov

Artikkelen er over 2 år gammel

Regjeringa vil overvake all datatrafikk som kryssar den norske grensa. – Det vil rokke ved det demokratiske fundamentet vårt, meiner Datatilsynet.

Regjeringa vil endre etterretningslova slik at metadata frå all digital trafikk som kryssar grensa, blir lagra av E-tenesta. Dette dreier seg mellom anna om namn, dato, klokkeslett, geografisk plassering og IP-adresse.

– Metadata kan avsløre intime detaljar om livet til ein person, særleg når det blir analysert på ein systematisk måte, slår Datatilsynet fast.

I høyringssvaret sitt om lovforslaget gir tilsynet eit klart råd om at regjeringa må droppe det såkalla digitale grenseforsvaret.

– Konklusjonen i høyringsutsegna vår er at innsamlinga av informasjon og overvakinga av kommunikasjonen til nordmenn blir så omfattande at forslaget ikkje bør gjennomførast. Det er eit for stort inngrep i retten til privatliv, samtidig som det vil rokke ved det demokratiske fundamentet vårt, seier direktør Bjørn Erik Thon.

Les også

Politiet: – Det er ein tsunami som skyl inn over smarttelefonane til ungdommen

 

Sjølv om arbeidet til Etterretningstenesta er retta mot utanlandske truslar, kjem tiltaket til å ramme dei fleste som bruker telefon og internett i Noreg, ifølgje tilsynet.

– Ein konsekvens av overvaking er at det har ein nedkjølande effekt på ytringsfridommen. Overvaking vil for dei fleste gi ei kjensle av ubehag og inneber at folk sensurerer seg sjølve eller lèt vere å kommunisere. Eg synest faren ved dette blir undervurdert, seier Thon.

Slik Datatilsynet ser det, kan lovforslaget vere i strid med menneskerettane.

Les også

Elevar på Knarvik ungdomsskule: – Vi mottar dagleg nakenbilde av vaksne menn

 

Kommentarer til denne saken