«ARNE» har sjølvsagt lagskjorter med namn og nummer på ryggen.
Judith BøRtveit

– Det er oss fem mot lag frå heile verda

Publisert

Når Nh Ung møter Marius (14), Bjarne (14), William (14), Ivan (14) og Torstein (14) flyt praten lett og utanforståande kjem nesten ikkje til orde. Slik var det ikkje for eitt år sidan; gjennom dataspelet Counter-Strike (CS) har gutegjengen danna ein klan, både i den virtuelle og i den verkelege verda.

CS er eit videospel kor ein speler saman, med mål om å vinne over lag frå heile verda.

– Taktikk, samarbeid og strategi er viktige eigenskapar ein må ha for å komme langt, fortel Torstein.

Ein lærer også mykje om å kontrollere sinne.

Han konstaterer også at CS er eitt av dei mest taktisk krevjande spela ein kan drive med. Gjennom Skype samarbeider dei fem om å samle informasjon og legge dei beste strategiane frå kvart sitt guterom. For å halde verkelegheita ved like vert også mykje tull og tøys kommunisert over høgtalarane, fortel dei leande.

– Det er nesten som fotball, berre at det ikkje er avhengig av været, ler Bjarne. Øverst frå venstre: Ivan Nesvø, William Sletten Hansen, Marius Valdersnes. Nedst frå venstre: Torstein Sleire, Bjarne Vatnøy

– Det er nesten som fotball, berre at det ikkje er avhengig av været, ler Bjarne. Øverst frå venstre: Ivan Nesvø, William Sletten Hansen, Marius Valdersnes. Nedst frå venstre: Torstein Sleire, Bjarne Vatnøy Foto:

Speler alltid på lag

Forteljinga om klanen «Arne» starta på sommaren i fjor. Det var Bjarne og William som byrja å spele saman, men snart kasta dei andre gutane seg på. Klanen vart kalla opp etter Arne Per (hovudet bak youtube-sensasjonen «Fløyta mi») og i dag speler dei alltid saman.

– Det er oss fem mot tilfeldige lag frå heile verda seier Bjarne.

Gutane er einige i at det er det absolutt kjekkaste å spele saman. Saman kjenner dei kvarandre sine styrkar og svakheiter, dei snakkar alle same språk og kan samarbeide gjennom Skype. Då vert det også lettare å lure motstandarane.

Samarbeid

Torstein påpeiker at ein lærer mykje om samarbeid når ein speler CS.

– Ein lærer også mykje om å kontrollere sinne, skyt ein av dei andre inn.

– Ein kan verte full i både frustrasjon og aggresjon over lagkameratane når dei ikkje gjer som dei skal, forklarer Ivan, men dei er alle einige om at dei alltid er kompisar i den verkelege verda.

Nh Ung

Denne saka er skriven av avisa Nordhordlands ungdomsredaksjon: Nh Ung.

Les meir om Nh Ung her.

William konstaterer også at CS først og fremst styrker kameratskapet mellom dei fem.

– Eg kjente ikkje eingong Ivan før vi byrja å spele saman, skyt Marius inn om kameraten sin. No har klanen til og med like hettegenserar. Det var Torstein som kom opp med ideen, og no brukar gutane genserane både på skulen og på ulike «gatherings.»

Det er nesten som fotball, berre at det ikkje er avhengig av vêret.

Bjarne Vatnøy
Gutane er gode vener både i den verkelege og den virtuelle verda

Gutane er gode vener både i den verkelege og den virtuelle verda Foto:

Draumen om å verte «global»

Om framtida til klanen «Arne» fortel gutane at dei drøymer om å nå den høgaste rangeringa, denne rangeringa kallast «global», og det er berre dei aller beste som speler her. Profesjonelle kan nemleg tene store pengar på videospelet. Likevel er målet sett først og fremst fordi det alltid er kjekt å ha eit mål, forklarer Torstein. Dei er nemleg einige i at det viktigaste er å ha det kjekt.

– Vi har det gøy, og det er det som er poenget, konkluderer han.

Gutane har difor ingen spesielle forbilde, men samanliknar i staden e-sport-spelet med tippeligaen. I staden for å sjå fotballkampar kan nemleg gutane sjå dei beste laga spele «finalar» direkte frå pc-skjermane sine og ikkje minst heie på dei laga dei liker best.

– Det er nesten som fotball, berre at det ikkje er avhengig av været, ler Bjarne.

Artikkeltags