– Kult at pappa er med

15 TIMAR KVAR DAG: Bjarne Karlsen (12) og pappa Bjarte Vatne på datatreff i Meland aktiv. – Det er kjekt å gjera noko i lag, dette er ein hobby vi begge koplar av med, seier Bjarte,

15 TIMAR KVAR DAG: Bjarne Karlsen (12) og pappa Bjarte Vatne på datatreff i Meland aktiv. – Det er kjekt å gjera noko i lag, dette er ein hobby vi begge koplar av med, seier Bjarte,

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Vi kjem klokka 10 på morgonen, og sit til eitt på natta. Vi må få med oss på mange timer som mogleg, seier Bjarte Vatnøy.

DEL

Småbarnspappaen var ikkje i tvil om han skulla vera med sonen Bjarne Karlsen (12) på datatreffet «Errors party» i påska.


–Det er kjekt å gjera noko i lag, dette er ein hobby vi begge koplar av med, seier Vatnøy, som i likskap med sonen Bjarne elskar å spela dataspel.
«Errors party» opna dørene torsdag ettermiddag, og varte heilt til søndag.


Pappa Bjarte innrømmer at han deltar mest fordi han sjølv synest det er gøy, men også litt for å passa på sonen.


– Eg trur andre foreldre synest det er kjekt at det er ein vaksen til stades, seier han.



15 timar i strekk


Far og son rigga seg til med kvar sin PC fredags morgon, og skal halda på til søndag.


– Vi sit 15 timar kvar dag, og køyrer heim klokka 01.00 for å sova nokre timar. Det vert mange timer, men det er kjekt å vera her mest mogleg, når vi først har moglegheita.


Bjarte og Bjarne, som er arrangementets eldste og yngste deltakarar, speler både mot kvarandre og på lag.


– Mamma synest nok vi bruker litt for mye tid framfor pc-skjermen, seier Bjarne, som på ingen måte synest det er flaut at pappa er med på datatreff.


– Eg synest det er kult at han vert med!

150 deltakarar

Styreleiar i Errors party, Tommy Sylta er fornøgd med årets oppmøte.


– 150 deltakarar er veldig bra. Første treff organisasjonen arrangerte var i 1994, og då var det på langt nær så mange.


Sylta fortel at det innimellom vert arrangerer ulike aktivitetar, for å få deltakaren opp frå pc-skjermen.


– Vi har mellom anna hatt skattejakt og saft-konkurranse, fortel han.

Artikkeltags