Arrangerte datatreff for 170 menneske: – Det er ikkje uvanleg at vi snur døgnet for å spele

– Eg kom hit klokka elleve den 25. desember, og har ingen planar om å dra frå hallen før vi har fått rydda opp alt saman 30. desember, seier arrangør Nikolai Fløysand Berland (19).