(BA): – Alt som kunne gå gale, gjorde det. Eg vart lamma då eg skjønte kva som hadde skjedd, seier Gunlaug Gillesøy (82).

Det som i utgangspunktet skulle vere ein helt vanleg arbeidsdag for familien Gillesøy, vart i staden den svartaste dagen dei har opplevd.

«Får ikkje kontakt»

Det starta som alltid: Som vanleg hadde yngstedottera Anne Gunn (15) gått på skulen. Dottera Ingrid var på jobb på fabrikken på Dale utanfor Bergen, der ho budde på hybel.

Gunlaug hadde vinka adjø til mannen Arvid (56) og sonen Tor Ståle (20) tidlegare enn vanleg denne dagen.

Først skulle dei ta opp tare frå havet, så skulle dei segle den fullasta 57 fot store «Noralg» til Buskøy i Solund, der dei skulle losse båten.

Uvêret skulle komme på kvelden, og dei to ville vere i hamn før det kom.

– Eg hadde gått på jobb i barnehagen. Sørvesten var hard. Regnet piska mot vindauga, og sjøen hadde slått heilt opp på vegen. Eg såg ut i det ville vêret, og tenkte: Kor er karane mine no?

Eit av barna hadde teikna båten til familien Gillesøy.

– Teikninga skulle han gi til Tor Ståle. Men guten måtte få litt hjelp med trålen. Var ikkje den i balanse, ville jo båten krenge …

Ho skuva tanken frå seg.

I staden drog ho heim og ringde til trålarens mobiltelefon. Inn kom Telenors metalliske automatsvarar:

«Det oppnås ikke kontakt med mobilabonnenten».

– Eg vart uroleg, men gjekk vel ut frå at dei hadde komme fram til der dei skulle.

Då kom frykta

Ho drog i butikken og kjøpte flyndre. Gunlaug ville overraske Arvid og Tor Ståle med litt ekstra godt til middagen.

Då ho kom heim igjen ringde svigermora – mora til Arvid – og fortalde at ho hadde snakka med karane nokre timar tidlegare. Då var alt bra og humøret godt.

– Det var då ein kamerat av Tor Ståle, som også jobba på taretrålar, ringde at eg fekk over meg at noko kunne vere frykteleg gale.

Båten hadde ikkje komme til Buskøy. No lurte han på kvifor?

Men Gunlaug hadde framleis håp, og begynte å ringe verkstader rundt om.

Svara var nedslåande.

– No tok frykta tak i meg. Eg ringde Florø Radio, som heller ikkje kunne seie noko.

Først då ho ringde lensmannen vart det slått alarm.

– Dei var borte, begge to, seier Gunlaug.

Til no har den staute kystkvinna fortalt fort og nesten nøkternt. No ser ho i golvet og tar ein pause. Då Gunlaug igjen ser på oss er auga blanke.

Heldt rundt sonen

Men den svarte dagen var langt frå over.

Eit Bell-helikopter vart rekvirert frå Nordsjøen for å søke etter dei to.

I det forrykande uvêret var det ikkje lett å sjå noko. Taleregistratoren avslørte seinare at flygaren tok feil av meter og fot, og gjekk rett i det 481 meter høge fjellet, som også blir kalla Den norske hest.

– Hadde helikopteret fått leite, så kanskje … begynner Gunlaug, før ho avbryt seg sjølv.

– Nei, eg kan ikkje tenke slik.

Ho har ei slags trøyst. Klokka 12.30 og 12.49 dagen etter vart først ektemann, så son, funne i havet utanfor fjellet Hovden på Stadlandet, 27 sjømil unna Geita fyr, der båten truleg gjekk ned.

– Dei vart funne nær kvarandre. Eg ser for meg at Arvid har heldt rundt sonen sin så lenge det var liv i dei. Dei var saman, seier 82-åringen.

Sjølv er eg gripen av møtet med Gunlaug og forteljinga hennar. For det er ikkje første gang eg skriv om dette tragiske dramaet ytst i Sunnfjord.

For nøyaktig 30 år sidan vart eg sendt ut av lokalavisa Firdaposten for å dekke det som allereie same dag hadde skifta namn frå «Noralg-ulykka» til «Alden-katastrofa».

Eg kom til øya kl. 22 saman med redningsmannskap og politi frå Florø. Eg hugsar kulden, det piskande regnet, vinden og den heilt spesielle stemninga.

Eg snakka med ein som hadde vore først på åstaden langt oppe i fjellet. Han hadde også sett eksplosjonen då den svære maskina trefte fjellet.

– Det var forferdeleg. Helikopteret var spreidd utover eit område på om lag 300 meter. Den minste delen var på rundt 20 centimeter. Den lengste, som kanskje var halepartiet, var to meter lang. I tillegg fann vi motoren. Mellom vrakrestane låg restane av dei omkomne, sa Jan Alden til oss.

Tenker på dei kvar dag

All merksemd vart flytta mot Alden.

– Midt oppe i alt det forferdelege kjente eg på at vi vart litt gløymt. Vi vart ei parentes, seier Gunlaug.

Men ute i havgapet søkte framleis deI lokale fiskebåtane etter Arvid og Tor Ståle frå «Noralg».

Sjøen hadde roa seg og det var måneskin. Alle med store nok båtar på Bulandet og Værlandet var ute. Slik er det på kysten. Dei ville fortsette gjennom natta, men vart sendt heim, fortel 82-åringen.

Ho tenker dagleg på dei to som døydde på havet.

Seier liksom ifrå om at vi er her, seier Gunlaug.

Ho seier ho alltid har vore opptatt av å snakke om det som skjedde.

– Det måtte snakkast om, ikkje leggjast bort. Det er ein del av liva våre, seier ho.

Då eg intervjua ho ein månads tid etter ulykka i 1990, trekte ho fram gudstrua si. Den har ho framleis.

– Trua gav meg krafta til å halde meg oppe, seier ho.

Det har ikkje alltid vore lett.

– Eg har vore sint og lei meg, og raseriet har gått oppover også, seier ho og bikkar hovudet mot himmelen.

– Det var jo ingen meining i at dei skulle døy. Kvifor i all verda skulle vi miste dei to – fantastiske flotte menneske. Kvifor kunne eg ikkje få ha dei to å støtte meg til. Og det å miste eit barn … det kan ein gjerne snakke om … men når det skjer …

Snakkar med pappa

– 30 år er lenge sidan, men ofte tenker eg på broren og faren min som vart borte, seier Ingrid (53).

«De ble funnet nær hverandre. Jeg ser for meg at Arvid har holdt rundt sønnen sin så lenge det var liv i dem. De var sammen.

Gunlaug Gillesøy, kone og mor

Ho var på jobb ved Dale Fabrikker utanfor Bergen då ho fekk den dramatiske beskjeden.

– Noko av det første eg gjorde var å forsøke å komme i kontakt med Ingrid, seier mor Gunlaug.

Ho ville for all del ikkje at dottera som budde på hybel på Dale, skulle få høyre om tragedien gjennom nyheitsmedia.

To år etter det forferdelege tapet, flytta ho tilbake til Bulandet.

– Nokre dagar er det vanskeleg å forstå at dei er borte, og då tenker eg på dei som om det ikkje skjedde. Det er rart å tenke på korleis alt ville vore no dersom dei hadde fått leve. Eg snakkar framleis med pappa når det er noko vanskeleg, så tenker eg på kva han ville svart, at han alltid var så roleg og gjennomtenkt, seier Ingrid.

Bulandet

Tidlegare kalla Bue, er ei øygruppe vest i havet i Askvoll kommune.

Består av rundt 300 øyer, holmar og skjær. Det bur folk på 15 av dei.

I 2017 var det registrert 237 innbyggjarar.

Er det vestlegaste levande fiskeværet i Norge.

I 2003 vart veg- og bruanlegget Nordsjøporten opna. Tidlegare var det ferjesamband frå Askvoll/Fure/Værlandet til Bulandet. No går ferja til Værlandet, og derfrå er det veg- og bru til Bulandet. Nordsjøporten er på i alt 6 nye bruer og 5240 meter ny veg.

Namnet Bulandet kjem av bu som i rorbu. Hovudnæringa er framleis fiske og fiskeforedling, men turisme gir er også ei næring i vekst.

Det er barnehage og kombinert barne- og ungdomsskule på Bulandet, der også barn frå Værlandet går.