Cato hadde bestemt seg for å selje båten, så sokk den – då fekk han ein idé

«UBÅT»: Slik har Cato Kvalsvik merka salsannonsa si på Finn.no. Ser ein på blidet er det lett å forstå kvifor.

«UBÅT»: Slik har Cato Kvalsvik merka salsannonsa si på Finn.no. Ser ein på blidet er det lett å forstå kvifor. Foto:

På to dagar har over 32.000 sett Finn-annonsen. – Berre to har teke seg bryet med å sende meg ein negativ tilbakemelding, seier Cato Kvalsvik.

DEL

(BERGENSAVISEN): «Om man ønsker å besiktige den bør man kanskje medbringe froskemannsutstyr, eventuellt undervannsdrone», skriv Cato Kvalsvik i salgsannonsen han har laga for å kvitte seg med båten sin.

For Kvalsvik vart nemleg ikkje båtleivet heilt slik han hadde tenkt seg.

– Eg hadde eigentlig lagt den ut for sal, og hadde avtalt at den skulle løftast på land neste veke, for dei som skulle hjelpe meg hadde ikkje tid før, seier Kvalsvik til Bergensavisen.

Så sokk båten.

I annonseteksten forklarar han at det er trøbbel med lensepumpa og at det er eit eksosrøyr som tek inn vatn i båten som «ligg» til kai i Øygarden i Midthordland.

Vel, tenkte han, og bestemte seg for å gi det eit forsøk likevel.

– Eg la den ut for sal til en annan pris, mot henting. Men eg har tenkt på korleis dette vil gå om ein frå innlandet får tilslag på båten, og trur det berre er å hente den. Båten er ganske stor, seier Kvalsvik.

Billigsal

«Den selges uten innenbordsmotor, men det lå/ligger en liten påhengsmotor inni av merket Suzuki 8 hk da den tok siste turen ned et par meter. Om denne virker, følger den ikke med, men om den har tatt skade kan den eventuelt følge med, uten garanti og reklamasjonsrett.» heiter det virdare i annonseteksten.

LANDET RUNDT

Det skal ikkje stå på tilleggsutstyret, hevdar altså selgaren. Utanom påhengsmotoren lovar han også at lensepumpa følgjer med.

Om garanti og reklamasjonsrett skriv Kvalsvik at han no har eit ambivalent forhold til både Biltema og lenseproblematikk, og at han for psyken sin del overlet dette lett til nokon andre optimistar.

Selgaren opplyser også at han ikkje har sjekka om lysa virkar, og at det same gjeld for toalettkverna, dieselvarmar og liknande.

Heile sulamitten ligg ute til den nette pris av 38 kroner, men denn kan diskuterast.

– Eg hadde sett eit minimum slik at eg kunne få kjøpe ein pakke popkorn og ein cola, som vi kunne kose oss samen med bryggegeneralen medan eg tek ein trist avskjed med båten, seier Kvalsvik, som også peikar på at det er sjølvplukk for fem kroner delen.

Tok av på nettet

At han gjekk for ein humoristisk måte å prøve å kvitte seg med havaristen på, har gitt større respons enn han hadde stt føre seg.

– Det er heilt sjukt. Den har lege ute i to dagar, og eg har hatt over 32.000 visningar på Finn. Av dei er det berre to som har teke seg bryet med å sende ein negativ tilbakemelding, seier den skutelause skipparen.

Saka held fram under bildet.

Slik såg båten ut, før den gjekk under.

Slik såg båten ut, før den gjekk under. Foto:

Han fortel at han har fått nokre henvendingar av det meir seriøse slaget.

– Eg har tenkt å forsøke å få heva båten så høgt at eg får lensa den, og får tetta eksosrøret som tek inn vatn. Men då må eg få det over vassoverflata, seier Kvalsvik, og legg til:

– Det er utruleg kaldt i vatnet, og eg likar ikkke å bade til vanleg.

Artikkeltags