Forhandlingane om ny byvekstavtale mellom kommunane Bergen, Askøy, Øygarden, Alver og Bjørnafjorden, Vestland fylkeskommune og Staten har foregått over lang tid. Avtalen har vore gjennom viktige demokratiske prosessar som i betydeleg grad har betra den både for regionen og kommunane. No har vi ein framforhandla lovleg avtale til avgjerd som dei aktuelle kommunane og fylket kan velja å seia ja eller nei til.

Det er eit stort engasjement i debatten om Byvekstavtalen. Det er veldig flott at samfunnsbygging engasjerer. Avtalen er viktig for alle dei fem kommunane og for Vestland Fylke.

Eg har fulgt prosessen veldig tett i og med at eg var med i forhandlingsutvalget til Lindås kommune i 2018 og fram til juni 2019.

Hovedgrunnen til etablering av byvekstavtalen er at Norge gjennom internasjonale avtalar har forplikta seg til å redusera utslepp av klimagassar. Transportsektoren står for nesten ein tredel av det totale klimagassutsleppet i Norge. Vegtrafikk utgjer meir enn halvparten av utsleppa i transportsektoren. Målet er derfor at veksten i persontransporten no skal verta tatt med kollektivtrafikk, sykling og gåing. Men avtalen er og eit verkemiddel til å løysa dei utfordringane vi har knytt til kapasitet og framkomst på vegane. Byvekstavtalen skal dessutan bidra til meir effektiv arealbruk og meir attraktive by- og regionsenter.

Det økonomiske tilbodet frå staten var i utgangspunktet lågare enn lokale forventningar. Undervegs har staten kome med eit betydeleg betre økonomisk tilbod. Sjølvsagt kunne vi ha ønska endå meir pengar, men i overkant av 13 milliardar statlege kroner i perioden 2019 – 2029 er eit solid bidrag for å gjennomføra nødvendige og miljøvennlege areal- og transporttiltak i heile regionen.

Med det engasjementet som vert uttrykt no antar eg og at mange brukar moglegheita til å gjera seg kjent med innhaldet i avtalen.

At der er ulike syn på korleis ein ønskjer at samfunnet skal utvikla seg er forståeleg. Like naturleg er det at folk er usikre på korleis avtalen vil påverka lokalsamfunnet vårt og om den vil bidra til å skapa det samfunnet kvar enkelt ønskjer.

Det som uansett er viktig i debatten er at informasjon og utsegner som vert framsett er basert på fakta. Alle har vi eit ansvar for å veileda og ikkje villeda i debatten.

FNB v/Morten Klementsen har dei siste månadene kome med ei rekkje påstandar som er direkte feil eller ikkje dokumentert. Som eksempel:

I debattinnlegget i NH 13.11.19 uttaler FNB v/Klementsen: «Knarvik blir som en bydel i Bergen, tilsvarende Åsane. Resten av Alver får byggeforbud».

Uavhengig av byvekstavtalen er det ein klar lokal målsetting med byutvikling i Knarvik. At resten av Alver så skal få byggeforbod er eit eksempel på ei klart usann utsegn.

Etter byvekstavtalen skal hovudveksten i kommunane skje i regionale vekstsoner (rundt regionsentra). Men det vil framleis bli lagt til rette for utbygging for å oppretthalda gode og levande bygde- og lokalsamfunn. I intensjonsavtalen for etablering av Alver kommune er det vektlagt at heile den nye kommunen skal takast i bruk. Dette er og tatt med i Byvekstavtalen som viser til intensjonsavtalen sitt innhald mht. å styrkja lokal- og nærsentra i kommunen.

Og dessutan, hausten 2019 vedtok Lindås kommunestyre ny arealplan for kommunen. Den er godkjent av Fylkesmannen og innanfor krava i Byvekstavtalen. Det betyr at det ikkje er noko forskjell mellom det vi lokalt planlegg mht. arealpolitikk og det som byvekstavtalen legg opp til.

Byvekstavtalen medfører dermed ingen endringar. Arealpolitikken vert den same om ein sluttar seg til avtalen eller ikkje.

Byvekstavtalen vert ikkje etablert for å avfolka distrikta. Men vert etablert for å skapa nullvekst i personbiltrafikken i det samla avtaleområdet. For å lykkast med det må det naturleg nok setjast inn tiltak i sentrale strøk der det monnar. Altså tiltak på blant anna innfartsårane til Bergen frå dei omliggjande kommunane. Derfor er statlege programområdemidlar til tiltak for kollektivtrafikk, sykling og gåing viktige midlar for kommunane. Og mesteparten av midlane Alver kommune kan få ligg her. Statens utgangspunkt var at programområdemidlane berre skulle kunna brukast på tiltak langs riksveg. I statsbudsjettet for 2020 er det opna opp for auka fleksibilitet og handlingsrom for bruk av desse midlane også på fylkeskommunalt og kommunalt ansvarsområde.

Midlane vil og kunna brukast til innfartsparkering. Innfartsparkering i regionsentra og gode kollektivløysingar inn til Bergen er vesentlege verkemiddel for å nå nullvekstmålet i personbiltrafikken.

Men, bygdene og lokalsamfunna utanfor regionsentra vil framleis kunna verta utvikla både med bustader og næringsaktivitet.

I avisinnlegget i NH 13.11.19 uttaler FNB v/ Klementsen vidare at avtalen skal vare i 30 år. Sanninga er at avtalen gjeld for perioden 2019 – 2029, men skal reforhandlast allereie i 2021.

I Strilen 31.01.20 uttaler FNB v/Klementsen at han blir personleg skremt av at så få politikarar har lese avtalen. Kva byggjer han dette på? Eg antar at i alle fall Klementsen sjølv har lese avtalen. Spørsmålet vert då korleis det likevel er mogleg å koma med så mykje feilinformasjon som FNB gjer.

I NH 15.02.20 uttaler FNB v/Klementsen at i Alver har over 50% av innbyggjarane ikkje tillit til kva lokalpolitikarane lovar. Dette er sjølvsagt noko vi alle må ta på alvor. Men når ein ser på dei usanne og udokumenterte utsegnene FNB kjem med over tid er det vanskeleg å sjå for seg at FNB er svaret på å løysa denne tillitskrisa.

Eg håper på ein god og faktabasert debatt når saka skal verta handsama i Alver kommunestyre 20.02.20.

Slik eg ser det er det viktig at areal- og transportplanlegginga i regionen vert meir samordna, og det er viktig at ein får eit tettare, forpliktande samarbeid om ei klima- og miljøvennleg samfunnsutvikling. Avtalen er positiv både for klima, regionen og dei enkelte kommunane. Derfor stemte heile Høgre-gruppa for avtalen i Fylkestinget 10.02.20.

Dette er byvekstavtalen