Byvekstavtalen – lukkast me best saman eller kvar for oss?

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) meiner Alver vil få det betre med byvekstavtale enn utan. Her frå då den framforhandla avtalen vart signert i desember.

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) meiner Alver vil få det betre med byvekstavtale enn utan. Her frå då den framforhandla avtalen vart signert i desember. Foto:

Av
DEL

MeiningarSignhild Dyrkolbotn framfører i lesarbrev ei rekkje bastante utsegn om både byvekstavtalen, byråkratar og folkevalde – meg sjølv inkludert. Det siste må stå for stå for hennar eiga rekning, men innlegget inneheld ein del grunnleggjande feilslutningar om avtalen, som fortener nokre merknader.

Kloden vår står overfor store menneskapte klimautfordringar, som menneska må løysa lokalt,- både i Dyrkolbotn og i Shanghai,- ingen kan snu seg vekk frå våre lokale bidrag i smått og stort!

Transportsektoren står for ca 35% av klimagassutsleppa i landet vårt, derfor er det naturleg at kommunar, fylke og stat går saman om å reddusera desse.

Den framforhandla avtalen er innretta for vekst i jobbskaping og folketal,- både i distrikta og i byen. Avtalen gjev pengar til at me får til meir og betre løysingar enn utan, og den inviterer til samarbeid for å nå måla,- heilt i tråd med den norske tankegangen.

Signhild Dyrkolbotn problematiserer rettsreglar, men gløymer forvaltingspraksis, og at norsk lov og rettspraksis også gjeld lokalt. Avtalen er verken udemokratisk eller lovstridig. Derfor må me samarbeida, ikkje kjefta på kvarandre. Staten fortener slik sett honnør for å innby til samarbeid i byvekstavtalen, og stiller opp med pengar for å løysa klimaproblema, og krev resultat tilbake for desse. Det same burde vore gjort for det fylket har gjort på ferjesida.

Gjeldande vedtak, plan- og lovverk med innebygde motsegnsrett ligg der uansett byvekstavtale, og møter Alver kommune framover,- pisken ligg der altså. Byvekstavtalen tilfører regionen vår samla sett over 1,5 MRD årleg for å betra kollektivtilboda og redusera klimautsleppa. Pengar 9 andre byregionar står klare til å overta om Alver skulle finna på å seia at me vert betre utan.

Avtalen gjev rom for auka biltrafikk i distrikta, fleire arbeidsplassar lokalt, og betre kollektivtilbod som kjem alle til gode. Det er frå Frekhaug/Knarvik til Bergen dei store bilstraumane er, og som må reduserast yttarlegare. Det er difor skivebom å gjera dette til ein trussel mot bygdene og distrikta. Det er i alle si interesse at me må redusera køproblema frå regionsentra og Bergen, samstundes som me også betrar kollektivtilbodet lengre ut i distrikta. Det er dette våre dagpendlarar ber om – meir og betre kollektivtilbod. Dette klarar ikkje fylket utan meir pengar.

Både SP og andre parti er opptekne av samhandling, av gode lokalsamfunn både i distrikt og i by, kort sagt at ingen skal stå utanfor. Når SP si fylkestinggruppe samla sa ja til avtalen, så var det ut frå ei heilskapsvurdering om at avtalen gjer det betre for innbyggjarane både i distrikta og tettbygde strok.

Byvekstavtalen er eit dårleg namn på ein avtale som gjer at me løyser store utfordringar saman, - ja at me vert betre saman. Den framforhandla avtalen er også ein heilt annan og betre enn utgangspunktet staten tilbydde innleiingsvis. Dette takka vera kampen me tok frå kommunar og fylke. Eg trur meir på nytteverdien av å samarbeida, enn det motsette, då vert me berre dårlege kvar for oss.

Jon Askeland,

fylkesordførar Vestland fylkeskommune (Sp)

Artikkeltags