Byvekstavtalen er for lite radikal

Av
DEL

MeiningarMålet med byvekstavtalen (BVA) er å få ned klimautsleppa. Nullvekstmålet i personbiltrafikk er brukt som eit middel for å nå dette målet. Nullvekst for personbiltrafikk tyder at veksten i persontransport, merk veksten, skal over på kollektiv, sykkel og gange. Dette er nasjonale mål som alt er vedtekne i andre og overordna statlege og regionale planar og skal følgjast opp regionalt og lokalt, fordi Noreg har forplikta seg på Parisavtalen.

Statens mann, fylkesmannen, har makt til å sikre at dette skjer via arealpolitikken. Her ligg allereie sterke føringar på lokal arealplanlegging, på kor kommunane skal byggje næring og bustad, nemleg langs hovudfartsårer og i tettstader og regionale sentra. Å gå mot BVA på grunn av at avtalen legg for sterke arealføringar på kommunen og hevde at me kan stå friare i arealplanlegginga utan BVA, er derfor å villeie innbyggjarane. Ein slik kritikk er ikkje reel, men grunnlagt på ein illusjon, eit luftslott.

BVA føreset auke i persontransporten til Bergen. Alver MDG vil ha reduksjon i den totale biltransporten, både person - og varetransport, handle- og fritidsreiser og pendling sørover brua. BVA omfattar kun personbiltrafikken og manglar heilt tiltak for reduksjon i vare- og næringstrafikk og auke i sjøverts nullutsleppstransport.

Alver MDG vil ha auke i etablering av næring og arbeidsplassar nordom brua, for å utvikle levande lokalsamfunn og skape eit kortreist, grønt Nordhordland. BVA vil hemme dette. Derfor er ikkje BVA tenleg for Alver, sjølv om kollektivsatsinga, som fylke og Bergen sårt treng, også kjem strilane vil nytte.

Statens representantar seier at BVA er ei historisk satsing på kollektiv, men også at midlane til kollektiv er for knappe. BVA er ikkje nok og heller ikkje målretta nok for å få så store kutt i utsleppa som trengs og innleier ikkje eit reelt grønt skifte.

Kva skjer om ein eller fleire kommunar seier Nei til BVA? Då vert avtalen ikkje noko av. Staten må utarbeide eit nytt mandat, nye forhandlingar må i gang, utan kommunane som sa Nei? Kollektivtiltaka vert utsette og midlane går til andre deler av landet. Alver misser 31. millionar pr. år i ti år, men altså midlar bundne opp til tiltak for å oppnå nullvekst i personbiltrafikken i Alver, det ligg i at BVA er portefølgjestyrt.

Det brutale dilemma for Alver kommunestyre er å seie Ja eller Nei til 31 millionar årleg i ti år (og meir midlar til kollektiv i Bergen og fylket). Slik vert saka lagt fram frå statens og fylket sine representantar. Er dette god og grei nasjonal klimapolitikk? Sjølvsagt ikkje.

Seier alle kommunane Ja til BVA, kan regjeringa halde fram med å villeie veljarane og skryte av at det grøne skiftet er godt i gang, noko som også er ein illusjon og eit luftslott. Det er det siste me treng.

Artikkeltags